Hjem
Studentsider
Masteremne

Psykologisk behandling

  • Studiepoeng14
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodePRPSYK311B
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

14

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid 

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål

Emnet har som mål å gi studentane opplæring i grunnleggande prinsipp og rammer for psykologisk behandling. Forståinga for eiga rolle og praksis som behandlar er vektlagd, og studentane får trening i sentrale behandlingsteknikkar for vanlege psykiske lidingar.

Innhald

Emnet tar opp hovudlinjene i sentrale debattar om behandling og om rolla som behandlar (som for eksempel krav til forskingsevidens, evidensbasert praksis, verknaden av relasjon og fellesfaktorar i terapi, implementering og brukarmedverknad). Undervisninga vil gi ei oversikt over det teoretiske og empiriske grunnlaget for behandling av psykiske lidingar og problem som ofte førekjem hos barn, unge, vaksne og eldre. Emnet har fokus på sentrale konseptualiserings- og intervensjonsferdigheiter i behandling, og studentane får førelesingar og praktiske øvingar i intervensjonar som kan fremme den terapeutiske relasjonen.

Emnet omfattar følgande deltema:

  • Sentrale debattar om psykologisk behandling og utforming av praksis
  • Relasjon, prosess og allianse i psykoterapi
  • Behandling av angstlidingar
  • Behandling av åtferdsvanskar
  • Behandling av depresjon og tilgrensande lidingar
  • Behandling av spiseforstyrringar
  • Behandling av traumerelaterte vanskar
  • Normalpsykologiske utfordringar og utvalde tilstandsbilete hos barn

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ...

  • kan gjengi sentrale diskusjonar om føresetnader for, og følger av, eiga forståing og utøving av rolla som behandlar.
  • kan drøfte relasjon, prosess og allianse i psykoterapi med utgangspunkt i forskingskunnskap
  • kan gjengi og drøfte prinsipp for og teknikkar ved behandling av angstlidingar, åtferdsvanskar, traumerelaterte vanskar, spiseforstyrringar og depresjon og tilgrensande lidingar
  • har inngåande kunnskap om særleg viktige psykologiske tema og problemstillinger gjennom livet, frå spedbarn- og småbarnsalder til barn og ungdom (RHETOS 13b)
  • kan reflektere over utviklingspsykologiske forhold som har følger for tilrettelegging av tiltak

Ferdigheiter

Studenten kan ...

  • bruke kasusformulering og behandlingsplan som rammer for, og reiskapar i, behandling
  • analysere klinisk materiale med tanke på etablering og vidareføring av behandlingsrelasjonen
  • bruke utvalde behandlingsteknikkar
  • sjølvstendig anvende grunnprinsippa for psykososiale intervensjonar i kriser (RETHOS 14h)
  • kommunisere med respekt i høve til andres integritet, sjølvverd og autonomi i yrkesutøvinga si, og tilpasse kommunikasjonen ut frå blant anna situasjon, alder, kjønn og språkleg og kulturell bakgrunn (RETHOS 21b)
  • kan bruke kunnskapen sin om barn og unge til å ta vare på deira behov for behandling og tenester, og til å sikre deira medverknad og rettar, inkludert samiske barns rett til å bruke eige språk og eigen kultur (RETHOS13 j)
  • bruke sine psykologiske kunnskapar og ferdigheiter til å ivareta seg sjølv (RETHOS 21f)

Generell kompetanse

Studenten skal ...

  • vise etisk, personleg og kunnskapsbasert refleksjon over eigen praksis og samhandling med pasientar
  • analysere og forhalde seg kritisk til eigne verdiar, roller og fungering i møte med brukarar og samarbeidspartnarar, og søke bistand ved behov (RETHOS 20c)
  • vurdere pasientens ressursar og behov i lys av livsløp og livssituasjon

Krav til forkunnskapar

Alle tidlegare emne i profesjonsstudiet i psykologi må vere greidd.

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, seminar, ferdigheitsøvingar og pensumlitteratur.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

6-timars heimeeksamen med utgangspunkt i kasus.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

A - F

Vurderingssemester

Haust / Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil normalt vere klar i Leganto innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der

Emneansvarleg

Institutt for klinisk psykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet