Hjem
Studentsider
Masteremne

Psykologen som leiar

  • Studiepoeng4
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodePRPSYK311C
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

4

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust / Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Studentane skal opparbeide seg grunnleggande kunnskap om leiing og om korleis organisasjonar er bygde opp og fungerer. Det vil bli lagt særleg vekt på kunnskap om ulike leiarroller for psykologar. Viktige tema er handtering av destruktivitet, konfliktar og mobbing, så vel som korleis leiarar kan bidra til trivsel, vekst og læring.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten kan gjere greie for ...

  • sentrale element i konstruktiv og destruktiv leiing
  • sentrale leiarroller for psykologar
  • sentrale leiarmodellar
  • ulike maktbasar og innflytelsesteknikkar ein leiar kan nytte seg av
  • viktige situasjonsfaktorar som vil kunne påverke både effektivitet og beste praksis i rolla som leiar
  • prinsipp for leiing, prioriteringar, påverknad og beslutningstaking i organisasjonar og system
  • viktige aspekt ved medarbeidarar som leiaren bør ta omsyn til i si utøving av leiarrolla
  • viktige aspekt ved gjennomføring av endring i verksemda
  • særeigne sider ved det å leie i ein norsk kontekst

Ferdigheiter:

Studenten kan ...

  • reflektere over ulike leiarstilar og eigne styrkar og svakheiter i rollene som leiar og medarbeidar i grupper og team
  • identifisere og gi tilbakemelding på god og dårleg kommunikasjon i konfliktfylte situasjonar
  • leie ei gruppe gjennom ei problemløysingsoppgåve
  • nytte grunnprinsippa for gruppeleiing, rettleiing og konsultasjon, og er i stand til å drive sjølvstendig endringsarbeid gjennom andre
  • nytte fagleg kunnskap til å sette i verk endringsarbeid i grupper og system

Generell kompetanse:

Studenten kan ...

  • reflektere over ulike etiske dilemma og prinsipp for leiarar
  • reflektere over eigne styrkar og utviklingsbehov i ei framtidig rolle som leiar
  • reflektere over leiarars ansvar som rollemodellar
  • nytte kunnskap om leiingsprinsipp til å utøve leiing med beslutningstaking og samarbeid med andre profesjonar og yrkesgrupper
  • nytte kunnskapane sine til planlegging, leiing og gjennomføring av prosjekt

Krav til forkunnskapar

Alle tidlegare emne i profesjonsstudiet i psykologi må vere greidd.

Tilrådde forkunnskapar

.

Studiepoengsreduksjon

.

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar:
Skal gi ei innføring i og oversikt over viktig leiingsteori, samt viktige oppgåver og roller som leiarar har. Tema er: Kva er god leiing på norsk? God kommunikasjon og effektiv tilbakemelding. God samhandling og etikk i leiarrolla. Om å utvikle og endre organisasjonar.

Lærarstyrte øvingar:
Lærarstyrt undervising
skal gi studentane mogelegheit til praktisk utprøving av sentrale utfordringar for leiarar, samt gi erfaring med fenomen og prosessar som er viktige for leiarar å forstå og styre. Målet her er refleksjon personleg knytt til eigne føresetnader i leiarrolla, samt ferdigheitstrening i viktige leiaroppgåver. Undervisninga føregår delvis i plenum og delvis i mindre grupper. Dei vil ha karakter av både testar av egne leiarpreferansar samt tilbakemelding og refleksjon rundt eigne resultat, men også innehalde diskusjonar, case-løysingar, rollespel og gruppesimuleringar. Lærar styrer, kommenterer og sørger for framdrift og refleksjon. Det blir også venta at studentane arbeider med stoffet gjennom læreboka i leiing som ligg i tilrådd litteratur. Tema er: Identifisering og refleksjon om eiga leiaråtferd basert på NEO-PI eller liknande måleinstrument. Case og trening i effektiv kommunikasjon og tilbakemelding i konfliktsituasjonar. Gi tilbakemelding på andre sine refleksjonsnotat. Leiing av problemløysing i mindre grupper.

Sjølvstudium:
Sjølvstudium er ein viktig del av kurset.
Dette er basert på tilrådd litteratur, der hovuddelen er å finne i ei lærebok om leiing med utgangspunkt at ein skal utvikle seg sjølv som mogeleg framtidig leiar. Med utgangspunkt i talet på studiepoeng i emnet (tilsvarande 81 lesetimar), vil dette samla utgjere ca. 540 sider. Kurset blir avslutta med eit refleksjonsnotat på 4-6 sider, der studentane skriv om kva dei sjølve ser som viktige sider ved det å vere leiar, om kva god leiing er, samt refleksjonar over eigne styrkar og utviklingsbehov i rolla som leiar. Refleksjonane skal også knyttast til teoriar og modellar om leiing, organisasjon og personlegdom. Refleksjonsnotatet skal vere basert på undervisning og sjølvstudium.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar:
Skal gi ei innføring i og oversikt over viktig leiingsteori, samt viktige oppgåver og roller som leiarar har. Tema er: Kva er god leiing på norsk? God kommunikasjon og effektiv tilbakemelding. God samhandling og etikk i leiarrolla. Om å utvikle og endre organisasjonar, 12 timar.

 

Lærarstyrte øvingar:
Lærarstyrt undervising
skal gi studentane mogelegheit til praktisk utprøving av sentrale utfordringar for leiarar, samt gi erfaring med fenomen og prosessar som er viktige for leiarar å forstå og styre. Målet her er refleksjon og personleg læring knytt til eigne føresetnader i leiarrolla, samt ferdigheitstrening i viktige leiaroppgåver. Undervisninga føregår delvis i plenum og delvis i mindre grupper. Dei vil ha karakter av både testar av eigne leiarpreferansar samt tilbakemelding og refleksjon over eigne resultat, men også innehalde diskusjonar, case-løysingar, rollespel og gruppesimuleringar. Lærar styrer, kommenterer og sørger for framdrift og refleksjon. Det er også forventa at studentane arbeider med stoffet gjennom læreboka i leiing som ligg i anbefalt litteratur. Tema er: Identifisering og refleksjon rundt eiga leiaråtferd basert på Meyers Briggs Typeindikator eller liknande måleinstrument. Tilbakemelding til medstudentar om føresetnader i leiarrolla basert på MBTI. Case og trening i effektiv kommunikasjon og tilbakemelding i konfliktsituasjonar. Gi tilbakemelding på andre sine refleksjonsnotat. Leiing av problemløysing i mindre grupper. Viktigheita av å fastsette mål (puslespel-øving), 19 timar.

Sjølvstudium:
Sjølvstudium utgjer ein viktig del av kurset.
Dette er basert på tilrådd litteratur der hovuddelen er å finne i ei lærebok om leiing med utgangspunkt at ein skal utvikle seg sjølv som mogeleg framtidig leiar. Med utgangspunkt i emnets studiepoeng (tilsvarande 81 lesetimar), vil dette totalt utgjere ca. 540 sider. Kurset blir avslutta med eit refleksjonsnotat på 4-6 sider, der studentane skal skildre kva dei sjølv ser på som viktige sider ved det å vere leiar, kva god leiing er, samt refleksjonar rundt eigne styrkar og utviklingsbehov i rolla som leiar. Refleksjonane skal også knyttast til teoriar og modellar om leiing, organisasjon og personlegdom.

Refleksjonsnotatet skal vere basert på undervisning og sjølvstudiar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk deltaking i lærarinstruerte øvingar. Eit refleksjonsnotat på 4-6 sider som skal vere utgangspunkt for studenttilbakemelding og gruppearbeid. Lesing av andres refleksjonsnotat for å gi tilbakemelding.

Obligatoriske arbeidskrav blir vurdert som Godkjent / Ikkje godkjent.

Vurderingsformer

Emnet er vurdert som bestått når alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent av faglærar.

Hjelpemiddel til eksamen

.

Karakterskala

Greidd / Ikkje greidd

Vurderingssemester

Haust / Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil normalt vere klar i Leganto innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret. 

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet