Hjem
Studentsider
Masteremne

Psykologisk behandling II

  • Studiepoeng12
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodePRPSYK312A
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

12

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid 

Undervisningssemester

Haust / Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål

Studentane blir gjort kjende med sentrale tilnærmingar til psykologisk behandling (psykoterapi) for ulike aldersgrupper, inkludert teoretisk grunnlag, empiri og metodikk. Emnet bygger primært på tidlegare undervisning i personlegdomspsykologi, psykologisk kartlegging, psykopatologi og behandling. Emnet har som mål å styrke ei forståing for idégrunnlag, nøkkelomgrep, teori om psykopatologi og endring, samt intervensjonsmetodar innan dei ulike behandlingstilnærmingane.

Innhald

Emnet fokuserer på sentrale psykologiske tilnærmingar, som kognitiv åtferdsterapi, dynamisk psykoterapi, opplevingsorienterte og mindfulnessbaserte terapiformer og terapiintegrasjon. Det vil også vere fokus på viktigheita av relasjonelle ferdigheiter og terapeuthaldningar som respekt, empati og fleksibilitet som eit grunnlag for bruk av ulike terapeutiske intervensjonar.

Om innhaldet:

Kognitiv åtferdsterapi
Undervisninga fokuserer på korleis ein kan arbeide kognitiv-åtferdsterapeutisk med ulike typar av psykiske lidingar. Grunnprinsipp innan den kognitive tilnærminga blir gjennomgått, og studentane blir introdusert for døme på ulike tilstandsbilete og gjennomfører ferdigheitsøvingar knytt til sentrale intervensjonar.

Dynamisk psykoterapi
Undervisninga gir eit oversyn over hovudlinjene i dynamisk psykoterapi. Sentrale intervensjonar og framgangsmåtar vil bli illustrert gjennom videodøme frå reelle terapeutiske forløp innan korttids psykodynamisk terapi.

Opplevingsorienterte og mindfulness-baserte terapiformer
Undervisninga gir ei forståing av det teoretiske grunnlaget for opplevingsorienterte og mindfulnessbaserte terapiformer. Studentane vil gjennom videodøme og praktiske øvingar bli gjort kjende med sentrale forståingsmåtar og intervensjonar. Målet er å få ei forståing for korleis desse tilnærmingane kan nyttast overfor ulike typar av psykiske problem og eksistensielle utfordringar.

Terapiintegrasjon
Undervisninga gir ei innføring i det integrative perspektivet innanfor psykoterapifeltet. Kurset vil også gi ei praktisk innføring i korleis teoretiske og tekniske element frå ulike terapitilnærmingar kan integrerast i arbeid med kliniske problemområde.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan drøfte og forstå:

  • idégrunnlag og sentrale begrep
  • spesifikke faktorar i psykoterapeutisk endringsarbeid
  • kva som kan utløyse og oppretthalde psykiske vanskar
  • rasjonale for behandling av psykiske vanskar
  • ulike evidensbaserte behandlingsmodellar for psykologisk behandling, herunder kognitiv åtferdsterapi, emosjonsfokusert terapi, korttids psykodynamisk terapi og psykoterapiintegrasjon
  • sentrale terapeutiske intervensjonar som eksempel på spesifikke faktorar i psykoterapeutisk endringsarbeid
  • empirigrunnlag
  • indikasjonar og kontraindikasjonar for behandling
  • kunnskap som bidrar til eit likeverdig tenestetilbod for alle, deriblant samiske pasientar

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • formidle behandlingsrasjonale
  • etablere eit behandlingsfokus
  • utføre utvalde sentrale intervensjonar

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan kritisk reflektere over etiske dilemma knytte til val og prioritering ved ulike psykologiske intervensjonar og terapitilnærmingar
  • kan reflektere over og anvende kunnskap som bidrar til eit likeverdig tenestetilbud for alle, deriblant samiske pasientar
  • er bevisst på betydninga av å lytte og vise empati, respekt og opptre ekte overfor pasientar, pårørande og helsepersonell og deira situasjon og problem
  • forstår viktigheita av å vere fleksibel når det oppstår behov for justering av behandlingsplanen undervegs i behandlinga
  • forstår kva premiss nokon legg til grunn når dei gjer handlingsval og vurderingar i virket som psykolog

Krav til forkunnskapar

Alle tidlegare emne i profesjonsstudiet i psykologi må vere greidd.

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar med integrerte kliniske øvingar

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

6-timars heimeeksamen med utgangspunkt i kasus

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

A - F

Vurderingssemester

Haust / Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil normalt vere klar i Leganto innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Institutt for klinisk psykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet