Psykologisk behandling III

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Gjennom undervisninga får studenten ei innføring i utvalde modellar innanfor familie-/parterapi og gruppeterapi. Behandling av psykiske vanskar som kan oppstå ved demenstilstandar vil også vere tema i undervisninga. Vidare vil ein gå gjennom sentrale prinsipp for klinisk bruk av rettleia internettbehandling,og indikasjonar for, og målsettingar med, denne typen behandling. Studentane skal også gjerast kjende med evidensgrunnlaget for den praktiske arbeidsmetodikken innan internettbehandling.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kjenner til og kan drøfte ...

  • særleg betydningsfulle psykologiske tema og problemstillingar i vaksne og eldre år
  • ulike evidensbaserte behandlingsmodellar for psykologisk behandling, herunder familie-/parterapi og gruppeterapi
  • sentrale arbeidsformer i behandling av psykiske vanskar hos eldre personar med demens eller anna aldersrelatert kognitiv svekking
  • sentrale prinsipp i klinisk bruk av rettleia internettbehandling og målsettingar med denne typen behandling

Ferdigheiter

Studenten ...

  • kan anvende utvalde terapeutiske intervensjonar i par-samspel og kontekstar der det er fleire klientar til stades samtidig
  • kan formulere ein tilpassa behandlingsplan for eldre personar med demens eller anna aldersrelatert kognitiv svekking
  • har kunnskap om psykologisk behandling av seksuelle problem i parforhold og kan anvende denne kunnskapen i yrkesutøvinga si

Generell kompetanse

Studenten kan ...

  • reflektere over etiske implikasjonar ved arbeid etter dei respektive modellane
  • reflektere over etiske aspekt ved arbeid med eldre personar med demens eller anna aldersrelatert kognitiv svekking
  • studenten har kunnskap om bruk av digital teknologi i fagleg arbeid

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust / Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Alle tidlegare emne i profesjonsstudiet i psykologi må vere greidde.
Krav til studierett
Profesjonsstudiet i psykologi
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar med integrerte kliniske øvingar. Emnet har ei ramme på om lag 135 studentarbeidstimar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Bestått skriftleg oppgåve.
Vurderingsformer
Emnet er greidd når alle obligatoriske arbeidskrav er godkjende.
Karakterskala
Greidd / Ikkje greidd
Vurderingssemester
Haust / Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil normalt vere klar i Leganto innan 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
.
Programansvarleg
Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der
Emneansvarleg
Institutt for klinisk psykologi
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet