Hjem
Studentsider
Masteremne

Psykologisk behandling ved komplekse psykiske tilstandsbilete

  • Studiepoeng7
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodePRPSYK313
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

7

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid 

Undervisningssemester

Haust / Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål

Emnet skal gi teoretisk og praktisk innføring i behandling av komplekse psykiske tilstandsbilete, om indikasjonar for ulike behandlingstilnærmingar, og om tidsperspektiv for endring og vekst.

Innhald

Emnet skal gi kunnskap om psykologisk behandling ved personlegdomsforstyrringar, psykotiske tilstandar, rusmiddel- og annan avhengnadsproblematikk, samt alvorleg/kronisk somatisk sjukdom. Forhold av betydning for arbeidet med klientar i ulike aldersgrupper (barn/unge, vaksne og eldre) skal vektleggast.Emnet bygger primært på PRPSYK311A, PRPSYK311B, PRPSYK312A, PRPSYK312B, PRPSYK312C og PRPSYK314.

Tema 1 Behandling av personlegdomsforstyrringar:
Kurset gir ei innføring i terapimodellar og behandlingstilnærmingar retta mot ulike personlegdomsforstyrringar med særleg vekt på to sentrale modellar. Det vil vere fokus på å vise korleis ein gjennom terapi kan arbeide med problematiske mønster i tenking, affektuttrykk og interpersonleg fungering som kjenneteiknar og påverkar viktige funksjonsområde hos personar med personlegdomsforstyrringar.

Tema 2 Behandling av psykosar:
Kurset gir ei innføring i psykologisk behandling ved psykosar. Det vil bli lagt vekt på ein gjennomgang av sentrale og dokumentert verksame arbeidsformer i behandling av personar med psykoselidingar. Kurset gir høve til praktisk utprøving av sentrale ferdigheiter i terapeutisk arbeid med psykotiske personar.

Tema 3 Behandling av rusmiddel- og annan avhengnadsproblematikk:
I kurset blir det lagt vekt på ei teoretisk innføring i metodar som kan avklare ambivalens og fremme motivasjon for psykologisk behandling hos rusmiddelmisbrukarar. Kurset inneheld øvingar knytt til sentrale aspekt ved endringsarbeid på tvers av typar og omfang av avhengnadsproblem: arbeid med ambivalens, endringssnakk(sjølvmotiverande ytringar) og beslutning i ei klientsentrert tilnærming. Kurset vil gjennomgå ei tilnærming til behandling av avhengnadsåtferd (Kognitiv AtferdsTerapi; KAT) som er sentral i mange modellar for behandling av avhengnadsåtferd både ved kjemisk og ikkke-kjemisk avhengnad.

Tema 4 Klinisk helsepsykologi:
Undervisninga gir ei innføring i kliniske helsepsykologiske tilnærmingar og til bruken av psykologisk kompetanse overfor pasientar med somatisk sjukdom, gjennom direkte klinisk arbeid, undervisning, kompetansespreiing eller haldningsskapande arbeid. I kurset inngår det øvingar i nokre sentrale ferdigheiter innanfor klinisk helsepsykologi.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ved fullført emne kan studenten ...

  • vise inngåande kunnskap om alvorlege psykiske lidingar, inkludert samsjukelegdom, rus og avhengnad
  • gjengi og reflektere over sentrale psykologiske behandlingsprinsipp for komplekse psykiske tilstandsbilete
  • forklare og drøfte dei sentrale elementa i ein behandlingsplan for personlegdomsforstyrring
  • forklare og drøfte sentrale behandlingsprinsipp for personlegdomsforstyrringar innan ulike terapimodellar
  • forklare og begrunne sentrale element ved førstegangsbehandling, vedlikehaldsbehandling og behandling av tilbakefall ved psykoselidingar
  • forklare og drøfte sentrale prinsipp i behandling av ulike former for avhengnadsåtferd
  • gjere greie for og reflektere rundt psykologiske og sosiale aspekt og sentrale oppgåver i helsepsykologisk arbeid ved somatisk sjukdom
  • gjere greie for og reflektere over brei kunnskap om modellar for samarbeid og samhandling i helse- og omsorgstenesta
  • gjere greie for psykologiske aspekt knytt til tverrfagleg rehabilitering

Ferdigheiter

Ved fullført emne kan studenten ...

  • gjengi og anvende sentrale dokumenterte verksame intervensjonar ved komplekse psykiske tilstandsbilete
  • kjenne til og anvende sentrale dokumenterte verksame intervensjonar og metodar i behandling av personlegdomsforstyrringar
  • sjølvstendig gjennomføre samtalar med barn som pårørande, ved bruk av eksisterande rutinar for oppfølging av barn som pårørande
  • identifisere og prioritere intervensjonsfokus og grunngi behov for innlegging ved mistanke om psykoseliding
  • bruke sentrale intervensjonar til å avklare ambivalens og fremme motivasjon for psykologisk behandling for avhengnadsåtferd
  • anvende basisferdigheiter ved motiverande intervju i arbeid med meistring av psykiske vanskar relatert til somatisk sjukdom

Generell kompetanse

Ved fullført emne kan studenten ...

  • anvende kunnskapane og ferdigheitene sine på ein sjølvstendig måte til å planlegge, gjennomføre og evaluere ulike evidensbaserte terapeutiske intervensjonar overfor alvorlege psykiske lidingar
  • reflektere over etiske aspekt ved arbeid med personar med komplekse psykiske tilstandsbilete
  • reflektere over etiske implikasjonar ved arbeid etter dei respektive intervensjonane og metodane i behandling av komplekse psykiske tilstandsbilete
  • utvise bevisstheit og refleksjon om ressursar og om særskilte tilretteleggingsbehov hos menneske med komplekse psykiske tilstandsbilete
  • kritisk reflektere over etiske dilemma knytt til val og prioritering av psykologiske intervensjonar
  • vise medvit og refleksjon om betydninga av brukarmedverknad og om dilemma knytt til bruk av tvang i helsevesenet

Krav til forkunnskapar

Alle tidlegare emne i profesjonsstudiet i psykologi må vere bestått.

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, seminar, øvingar og sjølvstudium. Totalt 31,5 timar per veke.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Deltaking i førelesingar og øvingar i tema 1-4.

Obligatoriske arbeidskrav er gjenstand for vurderinga Godkjent / Ikkje godkjent.

Vurderingsformer

6-timars skuleeksamen i tema 1-4

Hjelpemiddel til eksamen

.

Karakterskala

A - F

Vurderingssemester

Haust / Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil normalt vere klar i Leganto innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der

Emneansvarleg

Institutt for klinisk psykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet