Hjem
Studentsider
Masteremne

Intern klinisk opplæring

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

Emnet er på totalt 22 studiepoeng fordelt på tre semester (8. semester: 6 studiepoeng; 9. semester: 8 studiepoeng; 10. semester: 8 studiepoeng).

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid 

Undervisningssemester

Haust / Vår

Undervisningsstad

Institutt for klinisk psykologi, Psykologisk universitetsklinikk, Alrek helseklynge

Mål og innhald

Mål

Emnet gir ei praktisk innføring i utgreiing og behandling av psykiske lidingar og problem hos klientar. Ved fullført studium kan studentane sjølve gjennomføre grunnleggande strukturerte psykologiske utgreiingar som grunnlag for både diagnostiske vurderingar og kasusformuleringar, og for å utarbeide behandlingsplanar med tilrådingar om vidare tiltak og behandling.

Innhald

Studentane får, gjennom rettleiing av psykologspesialist, ei praktisk innføring i utøvinga av rolla som klinisk psykolog. Dei får også høve til å bruke relevante kunnskapar og metodar for å klarlegge menneske med vanlege sosiale og helsemessige problem, inkludert omsorgssvikt, mobbing, vald, overgrep, rus- og sosioøkonomiske problem, og å sette inn naudsynte tiltak og/eller behandling, eller vise vidare ved behov. Etisk refleksjon knytt til psykologrolla og respektfull kommunikasjon med klientar blir sterkt vektlagt, inkludert analyse og kritisk refleksjon rundt komplekse faglege spørsmål, ulike roller og moglegheiter i arbeidet med ulike typar psykiske lidingar, og til samhandling og oppgåvefordeling mellom ulike tenestenivå.

Emnet går over tre semester (8., 9. og 10.) og er knytt til undervisninga i PRPSYK311A, PRPSYK311B, PRPSYK312A, PRPSYK312B, PRPSYK312C og PRPSYK313.

Læringsutbyte

Kunnskap

Studenten:

  • kan begrepsette og analysere klientar sitt behov for psykologisk behandling
  • kan analysere og stille seg kritisk til både etablert og ny kunnskap på ein metodisk og vitskapleg måte, halde seg fagleg oppdatert og gjennomføre faglege vurderingar, avgjersler og handlingar i tråd med evidensbasert praksis og faglege retningslinjer
  • kan planlegge og utføre intervensjonar for behandling og førebygging tilpassa den enkelte klients vanskar, ressursar, livsfase og sosiokulturelle kontekst
  • har brei kunnskap om modellar for samarbeid og samhandling i helse- og omsorgstenesta
  • kan analysere og stille seg kritisk til eigne verdiar, roller og funksjon i møte med brukarar og samarbeidspartnarar, og søke bistand ved behov
  • kan identifisere og analysere etiske dilemma i psykologisk behandling

 

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • på ein sjølvstendig måte, bruke relasjonelle ferdigheiter som er sentrale i å etablere og oppretthalde terapeutiske alliansar og samarbeidsalliansar
  • sjølvstendig greie ut, diagnostisere og behandle psykiske vanskar og lidingar, og evaluere effekten av intervensjonar som er sette i verk
  • utarbeide ei kasusformulering med sikte på behandlingsplan
  • formidle eit behandlingsrasjonale til pasientar/brukarar
  • bruke ulike metodar for å sikre pasientars/brukarars medverking i, og val om, eiga utgreiing og behandling
  • på eiga hand gjennomføre samtalar med barn som pårørande
  • bruke ulike metodar for å sikre tilbakemelding frå pasientar om behandlingsresultat, -prosess og allianse,og bruke desse for å tilpasse behandlingstilbodet
  • bruke sine personlege kunnskapar og ferdigheiter til å integrere forsking, klinisk ekspertise og pasientens eigenskapar og ønskemål for å tilpasse utgreiing og behandling
  • bruke sine personlege kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte til å planlegge, gjennomføre og evaluere ulike evidensbaserte terapeutiske intervensjonar overfor lettare psykiske lidingar, både på individ-, familie- og gruppenivå
  • vurdere hjelpetiltak ved risiko for sjølvmord, sjølvskade og psykose
  • gi klientar eit forsvarleg behandlingstilbod på digitale plattformar

Generell kompetanse

Studenten kan:

  • bruke forskingsbasert klinisk-psykologisk kunnskap for å forstå klientars problem og sikre dei best mogleg behandlingsutbytte
  • føre journal og dokumentere utgreiing, diagnostisering og behandling i tråd med god fagetikk og gjeldande regelverk
  • bruke systematisk tilbakemelding frå klientar for å optimalisere behandlingsutbytte og førebygge forverring
  • bruke og integrere kunnskap om helse- og velferdssystemet, lover, regelverk og rettleiarar, og integrere dette i si utøving av tenesta
  • bruke sine psykologiske kunnskapar og ferdigheiter til personleg ivaretaking
  • bruke sine kunnskapar og ferdigheiter til dokumentasjon og kommunikasjon om folkehelse, kliniske, diagnostiske og andre faglege emne overfor pasientar/brukarar, pårørande, kollegaer, samarbeidspartnarar, offentleg forvaltning og rettslege instansar
  • kommunisere munnleg, skriftleg og digitalt om helsefaglege problemstillingar med medarbeidarar, samarbeidspartnarar og folk flest

Krav til forkunnskapar

Alle tidligare emne i profesjonsstudiet i psykologi må vere greidd.

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Arbeids- og undervisningsformer

Studentane får opplæring på ein av behandlingsseksjonane på Psykologisk universitetspoliklinikk (Seksjon for barn og ungdom, Seksjon for unge og vaksne og Seksjon for vaksne og eldre).

Undervisninga er lagd opp slik:

8. semester

  • Klinikknær, tema- og ferdigheitsorientert rettleiing i grupper på opptil åtte studentar
  • Problembasert læring
  • Anbefalt litteratur (liste i Leganto)
  • 6 timar undervisning per veke i 18 veker

9. og 10. semester

  • Klinisk pasientarbeid
  • Rettleiing i grupper på opptil fire studentar
  • Problembasert læring
  • 10 timar undervisning per veke i 36 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Generelt

Aktiv deltaking og (80 %) frammøte i rettleiingsteam under leiing av internpraksis-rettleiar.

Godkjenning av følgande praksisrelaterte arbeidsoppgåver:

8. semester

  • Utarbeide kasusformulering og behandlingsplan

9. og 10. semester

  • Presentasjon av terapeutisk utfordring
  • Presentasjon på «staff». Om ikkje særskilte tilhøve ved pasientsakene tilseier det, skal studentane ha utført behandling på minst to pasientar, og totalt må minst 30 timar rettleia psykologisk behandling vere gjennomført i løpet av internpraksis før godkjenning. Desse deloppgåvene inngår i behandlingane:
    • Opplæring i bruk av elektronisk journalsystem
    • Opplæring i bruk av lyd-/videoopptak i behandling
    • Behandlingsstart og kontaktetablering
    • Journalføring
    • Utgreiing
    • Utarbeiding av kasusformulering/behandlingsplan
    • Behandling
    • Avslutning

Obligatoriske undervisningsaktivitetar og arbeidskrav må vere godkjende før emnet kan vurderast som Bestått / Ikkje bestått.

Vurderingsformer

Mappevurdering, der følgande element inngår:

  • Obligatoriske arbeidsoppgåver og frammøte
  • Rettleiar sin dokumentasjon av studentens erfaringsområde og arbeidsoppgåver
  • Rettleiar si vurdering av studentens psykologfaglege kompetanse i møte med pasientar
  • Rettleiar si vurdering av studentens funksjon i høve til alminnelege plikter i poliklinikken.

Mappa blir vurdert som Bestått / Ikkje bestått. Alle element i mappa må vere bestått for at mappa skal vere bestått.

Vurderinga blir gjennomført over tre semester. Godkjenning av internpraksis etter avbrot eller forseinkingar i gjennomføringa kan vurderast etter søknad.

Karakterskala

Bestått / Ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår / Haust

Litteraturliste

Videoframvisning, tilrådde vevsider, anbefalt litteratur til 8. semester.

Litteraturlista vil normalt vere klar i Leganto innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert kvart 3 år. Studentane skal evaluere om undervisninga har vore til hjelp i oppnåing av delspesifikke kunnskapsmål og mål på ferdigheiter som inngår i dette emnet.

Programansvarleg

Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Institutt for klinisk psykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Eksamensinformasjon