Hjem
Studentsider
Masteremne

Ekstern fordjupingspraksis

  • Studiepoeng30
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodePRPSYK316
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk ved praksis i Norge. Engelsk ved praksis i utlandet.
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

30

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid 

Undervisningssemester

Haust / Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Ekstern fordjupingspraksis skal gi studentane erfaringar som praktiserande psykolog under systematisk rettleiing, refleksjon og oppfølging, og derigjennom førebu studentane på oppgåver ein vil møte som yrkesaktiv psykolog. Gjennom praksisperioden skal studentane utvikle evna til å analysere psykologiske problem og problemstillingar. I tillegg skal studentane få auka kompetanse og erfaring innan konsultasjon, kartlegging, rådgiving og vurdering av diagnostiske, behandlingsmessige og fagetiske spørsmål. Studentane skal utvikle forståing for profesjonell yrkesutøving, både for enkeltpersonar, organisasjonar og for andre yrkesgrupper. Studentane sitt arbeid vil bli rettleia av psykolog som er tilsett ved praksisinstitusjonen og samsvare med eigne retningslinjer for ekstern fordjupingspraksis. Studentane kan velje fordjupingsområde innan: skole- og opplæringspsykologi, samfunnspsykologi, klinisk psykologi og klinisk nevropsykologi. Praksisutplassering skjer i regi av fakultetet/institutt og gjeld i hovudsak utplassering i både sekundær- og primærhelsetenesta i Bergen og samarbeidande fagmiljø i Helse Stavanger, Helse Førde og Helse Fonna (Haugesund).Studentane kan elles søke om eksternpraksis ved institusjonar i Noreg/utlandet etter vurdering og avtale i regi av fakultetet/instituttet.

Ekstern fordjupingspraksis (30 sp) blir gjennomført over 19 veker med 5 dagars arbeidsveke.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ved fullført praksis kan kandidaten:

  • analysere og beskrive arbeidsoppgåver og praktisk rolleutøving som er karakteristisk for psykologar på det aktuelle fordjupingsområdet
  • analysere forholdet mellom forskningsbasert psykologisk kunnskap, spesifikke situasjonar, utøving av skjønn og konkret beslutningstaking innanfor det relevante praksisfeltet

Ferdigheiter

Ved fullført emne kan kandidaten:

  • anvende psykologisk kunnskap og arbeidsmetodikk på problem og saksområde for psykologarbeid innanfor fordjupingsområdet

Generell kompetanse

Ved fullført emne kan kandidaten:

  • vise adekvat respekt for personar, grupper og system som psykologarbeid er omfatta av
  • reflektere over korleis psykologisk kunnskap kan ha implikasjonar for praksis
  • analysere profesjonell og fagetisk yrkesutøving på fordjupingsområdet
  • reflektere rundt korleis evaluering av eigen praksis er ein integrert del av profesjonell verksemd som psykolog
  • reflektere rundt det å diskutere, forholde seg til og forstå individet i ein større arbeidssamanheng
  • kommunisere om faglege problemstillingar og tiltak innanfor fagområdet med andre helseaktørar
  • anvende kunnskap om andre faggruppers kompetanse og ansvarsområde for å samhandle både tverrfagleg og tverrprofesjonelt

Krav til forkunnskapar

Alle tidlegare kurs og emne i profesjonsstudiet må vere fullført og bestått.

Tilrådde forkunnskapar

.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Arbeids- og undervisningsformer

.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Selve praksisarbeidet, samt veiledning.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Gjennomføring av ekstern fordjupingspraksis, inklusive rapportar i samband med ekstern fordjupingspraksis: Rettleiar er plikta til å gi skriftleg tilbakemelding til fakultetet om at rettleiinga er i samsvar med retningslinjene.
  • Ved avslutning av praksisperioden skal både rettleiar og student levere skriftlege evalueringar av praksis til fakultetet. Rettleiar skal i tillegg vurdere studentens praksisarbeid opp mot vedtekne skriftlege retningslinjer, og denne vurderinga vil gi grunnlag for godkjenning av ekstern fordjupingspraksis.
  • Deltaking på praksiseminar om tverrprofesjonell samarbeidslæring.

Vurderingsformene for obligatoriske arbeidskrav er Godkjent / Ikkje godkjent.

Vurderingsformer

Emnet har følgande vurderingsform: Praksis.

Emnet er bestått når alle obligatoriske undervisningsaktivitetar er gjennomført og godkjent.

Hjelpemiddel til eksamen

.

Karakterskala

Bestått / Ikkje bestått

Vurderingssemester

Haust / Vår

Litteraturliste

.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der

Emneansvarleg

Institutt for klinisk psykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet