Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Metode II - Kvantitativ og kvalitativ metode som grunnlag for psykologisk kunnskap

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodePRPSYKMET
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk og engelsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid 

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Tema 1: Kvalitativ metode og djubdeintervju

Kurset gir ein introduksjon til det kunnskapsteoretiske grunnlaget for kvalitativ forskingsmetode. Det tek særleg utgangspunkt i eit hermeneutisk-fenomenologisk perspektiv, men vil også gi oversikt over andre sentrale tilnærmingar. Kurset gir vidare praktisk øving i gjennomføring av kvalitative forskingsintervju. Denne innføringsøvinga bygger på eit klinisk perspektiv og kan kun erstattast av kurs som tek utgangspunkt i tilsvarande rammeverk. Kurset gir også ei oversikt over ulike måtar å evaluere kvalitativ forsking på, og korleis kunnskap frå slike studiar kan anvendast i psykologisk praksis.

Tema 2: Kvantitativ metode

Kurset gir ei innføring i grunnleggande metodar for beskriving, behandling og oppsummering av kvantitativt datamateriale. Det blir gitt opplæring i vanlege former for organisering av kvantitative data, ulike former for beskriving og oppsummering av slike data, samt sentrale prinsipp for å gjere statistiske slutningar. Gjennom praktiske øvingar vil studentene få trening i bearbeiding og oppsummering av kvantitativ informasjon. Vidare vil kurset gi ei innføring i korleis ein evaluerer og anvender kunnskap frå kvantitativ forsking i psykologisk praksis.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten kan ...

  • gjere greie for ulike kvalitative og kvantitative forskingsmetodar innanfor psykologi
  • gjere greie for sentrale trekk ved det kunnskapsteoretiske grunnlaget for kvalitative og kvantitative forskingsmetodar
  • gjere greie for kvalitetskriterium i forsking, inkludert prinsipp for openheit i vitskapleg arbeid
  • kritisk analysere relevant forsking og meistre psykologfaglege uttrykksformer
  • sjølvstendig grunngi val og bruk av relevante metodiske verktøy og utføre ulike kvantitative og kvalitative analysar
  • forklare og drøfte etiske spørsmål og personvernomsyn som er knytt til gjennomføring av kvalitativ og kvantitativ forsking
  • gjere greie for hermeneutisk-fenomenologisk forskingsmetode, mogelegheiter og begrensningar ved djubdeintervju, samt drøfte sentrale kvalitetskriterium for kvalitativ forsking
  • gjere greie for betydninga av refleksivitet i innsamling og analyse av kvalitativt datamateriale med særleg vekt på forholdet mellom intervjuperson og intervjuar
  • beskrive og differensiere hovudtilnærmingar til kvantitativ dataanalyse
  • identifisere situasjonar der det er relevant å bruke ulike former for kvantitativ dataanalyse
  • kjenne til prinsipp for organisering av kvantitativt datamateriale
  • kjenne til grunnleggande statistiske omgrep som sentraltendens, spreiing og samanheng
  • kjenne til prinsipp for statistiske slutningar

Ferdigheiter

Studenten kan ...

  • utforme forskingsspørsmål som er eigna for kvalitativ eller kvantitativ forsking
  • vurdere kvalitet på kvalitative og kvantitative undersøkingar
  • utforme ein intervjuguide, gjennomføre eit kvalitativt forskingsintervju, samt kode og analysere transkribert intervjumateriale
  • rapportere metodisk framgangsmåte, presentere kvalitative forskingsfunn og drøfte funna refleksivt innanfor format av skriftlege forskingsarbeid
  • skape kontakt og innhente informasjon om andres erfaringar gjennom intervju
  • tilrettelegge og organisere kvantitative data ved hjelp av standard programvare
  • framstille enkel univariat og bivariat statistikk ved hjelp av standard programvare
  • tolke resultat frå statistiske analysar av bivariate samanhengar og forskjellar mellom grupper
  • kommunisere resultat frå statistiske analysar i samsvar med vitskaplege standardar

Generell kompetanse

Studenten kan ...

  • stille seg kritisk og reflektert til mogelegheiter og begrensningar ved kvalitativ og kvantitativ forsking
  • reflektere over intervjusituasjonens etiske og mellommenneskelege dynamikk

Krav til forkunnskapar

PRPSYKVIT, Psykologiens vitskapsteori og forskingsmetodar.

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, seminar og gruppeøvingar

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Tema 1: Kvalitativ metode og djubdeintervju

  • Gjennomført intervjuøving og evalueringsøving (godkjenning av lærar)
  • Skriftleg innlevering (godkjenning av lærar)

Tema 2: Kvantitativ metode

  • Deltaking i øvingar (godkjenning av lærar)
  • Fullførte oppgåver knytte til førelesingstema (godkjenning av lærar)
  • Kursprøve på kvantitative data-analysar på relevant kunnskapsområde (godkjenning av lærar)

Obligatoriske arbeidskrav blir vurdert som Godkjent / Ikke godkjent

Vurderingsformer

Emnet blir vurdert som bestått når alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent.

Hjelpemiddel til eksamen

.

Karakterskala

Bestått / Ikkje bestått

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil normalt vere klar i Leganto innan 1. juni.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Institutt for klinisk psykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet