Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Psykologiens vitskapsteori og forskingsmetodar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Profesjonsstudiet i psykologi

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet vil gi ei innføring i psykologiens vitskapsteori, grunnleggande metodiske omgrep og vitskaplege design. Forholdet mellom teoretisk kunnskap og praksiskunnskap vil bli gjennomgått. Eit gjennomgåande tema er forholdet mellom psykologisk vitskap, samfunn og verdiar. Grunnleggande problemstillingar knytte til samanhengar mellom forskingsspørsmål og val av metodisk design vil bli drøfta. Kurset skal danne grunnlag for å analysere psykologifagets vitskapsteoretiske forankringar gjennom studiets vidare fordjuping i basaldisiplinar og anvende fag, og slik kunne bidra til nytenking i faget.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:  

Kunnskapar

  • kan vise til særtrekk ved sentrale tradisjonar innanfor vitskapsteori som er viktige for psykologprofesjonen 
  • kan gjere greie for forholdet mellom teoretisk kunnskap og praksiskunnskap innan profesjonell psykologverksemd
  • kan analysere korleis kultur og verdisyn påverkar utviklinga av epistemologi, teori og empiri innanfor faget
  • kan forklare sentrale kjenneteikn ved kvalitative og kvantitative metodar
  • kan gjere greie for sentrale vitskaplege omgrep og metodiske design   

Ferdigheiter

  • kan analysere og kritisere samtidas psykologiske teoriar og diskursar - og plassere desse i ein vitskapsteoretisk kontekst
  • kan drøfte kriterium og haldepunkt for a¿ skille vitskap frå "pseudovitskap"
  • kan samanlikne kvalitative og kvantitative metodar og drøfte bruksområde og avgrensingar
  • kan samanlikne sentrale metodiske design og drøfte korleis dei best kan brukast 
  • kan drøfte kvalitetskriterium for ulike former for psykologisk forsking
  • kan formulere problemstillingar for empirisk forsking, skissere eit mogeleg forskingsprosjekt, drøfte etiske implikasjonar og plassere det i ein vitskapsteoretisk tradisjon

Generell kompetanse

  • kan vurdere vitskapsteoretisk ståstad i påstandar om saksforhold, og vere kjeldekritisk
  • kan analysere psykologifagets vitskapsteoretiske forankringar, og slik bidra til nytenking i faget 
  • kan reflektere over sentrale problemstillingar innan psykologiens vitskapsteori
  • kan analysere teoretiske og kliniske problemstillingar ut frå ei vitskapsteoretisk forsta¿ing

Krav til forkunnskapar

PRPSYK100, PRPSYK301A og PRPSYK301B (eventuelt PROPSY100, PROPSY 301A og PROPSY301B) må vere gjennomført og bestått.

Tilrådde forkunnskapar

.

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, seminar, gruppeøvingar og bestått fleirvalsoppgåve.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- Delta på seminar (obligatorisk oppmøte)
- Førebu presentasjon og presentere eit vitskapsteoretisk perspektiv i smågrupper
- Godkjend fleirvalsoppgåve

Vurderingsformer

Godkjend obligatorisk undervisningsaktivitet

Hjelpemiddel til eksamen

.

Karakterskala

Bestått / Ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil normalt vere klar i Leganto innan 1. desember.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Institutt for klinisk psykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Eksamensinformasjon