Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Innføring psykoanalyse

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodePSANA101
  • Talet på semester1
  • Språk

    Engelsk

  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Uregelrett

Det er ikkje undervisning eller vurdering i PSANA101 hausten 2019. 

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Psykoanalysen har gjennom dei meir enn hundre åra som har gått sidan Freud utvikla den, ført til ei avgjerande endring i måten det moderne mennesket forstår seg sjølv og sin plass i samfunnet på. Gjennom dette studiet ønskjer ein å gi ei innføring i dei sentrale omgrepa i psykoanalysen, med særskild fokus på omgrepet om det umedvitne.  Freud vil vitskapsteoretisk og kulturhistorisk bli plassert i høve til si eiga samtid og til vår eiga tid.

Med utgangspunkt i ein diskusjon av grunnomgrep som det umedvitne, fortrenging, overføring, vil det bli sett eit psykoanalytisk perspektiv på to tema med særskild relevans: seksualitet og kultur. Det blir óg presentert glimt frå klinisk psykoanalyse.

Emnet skal gi studentane høve til å bruke eit psykoanalytisk perspektiv på sitt eige fagområde, til dømes litteraturvitskap, kunst- og kulturvitskap og samfunnsvitskap.

Læringsutbyte

Studentar som har fullført emnet, skal ha tileigna seg såpass godt kjennskap til dei sentrale omgrepa i psykoanalysen (som det umedvetne, fortrenging, driftene, overføring) at dei vert i stand til å nytte dei i dei andre faga dei studerer.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Studentane bør ha minst eitt års studium bak seg, og gode kunnskapar i engelsk.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir dels gitt som førelesingar som presenterer grunnleggjande omgrep og perspektiv, og dels gjennom gruppeundervisning som krev aktiv deltaking frå studentane. Det blir og arrangert to heildagsseminar i løpet av semesteret, der det blir vist film og invitert spesielle gjesteførelesarar.

Førelesningar: omlag 24 timar (2 dobbelttimar i veka)

Seminar: omlag 28 timar (2 dobbelttimar i 10 veker samt 8 timer på filmseminar)

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte på gruppeundervisninga, og studentane må møte på minst sju av ti samlingar.

Det er òg obligatorisk rettleiing knytt til semesteroppgåva.

Studentane må ta den obligatoriske breiddetesten på emnet og breiddetesten må vere godkjend for at dei skal kunne levere semesteroppgåva til sensur.

Vurderingsformer

Grunnlaget for vurderinga er ei semesteroppgåve (3000-4000 ord) som studentane skriv i løpet av kurset. Språket kan vere norsk eller engelsk.

Den obligatoriske breiddetesten må vere godkjend for at ein skal kunne levere semesteroppgåva til sensur.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Vurderingssemester

Uregelrett

Litteraturliste

Kjernepensumet  er eit utval sentrale Freud-tekstar. Desse er utvalde for å kunne diskutere utviklinga i Freuds forfattarskap med spesiell fokus på omgrepet det umedvitne og temakomplekset seksualitet og kultur. Resten av det obligatoriske pensumet består dels av generelle innføringstekstar, dels av tekstar som viser psykoanalysens utvikling og aktualitet i vår eiga tid. Det vil og bli gitt forslag til sekundærlitteratur som studentane kan bruke når dei skriv eigne oppgåver og førebur seg til munnlege presentasjonar.

Pensum utgjer til saman omlag 1000 sider.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for allmenn litteraturvitenskap

Emneansvarleg

Fagmiljøet i allmenn litteraturvitenskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no