Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Identitet, kjønn og sjølv i moderne psykoanalysar

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodePSANA201
  • Talet på semester1
  • Språk

    Engelsk

  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Uregelrett

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

PSANA201 er eit kurs for studentar som har tileigna seg elementære kunnskapar innan psykoanalyse, til dømes gjennom PSANA101. Undervisninga vil ta utgangspunkt i tilhøvet mellom to hovudtema i Sigmund Freuds psykoanalyse: det umedvitne og seksualitet. Samanhengen mellom dei vil bli problematisert, først med utgangspunkt i Freud sine eigne tekstar, etterpå for å undersøkje korleis nokre av dei viktigaste skuleretningane innan psykoanalysen forsøker å etablere ein samanheng mellom det umedvitne forstått som språkleg dimensjon og seksualitet forstått som drifter og begjær som søkjer sine mål og objekt tilsynelatande uavhengig av dei rammer som vert sett gjennom språkleg meining. Forholdet mellom det umedvitne og seksualitet vil òg gje høve til å drøfte spørsmål knytte til psykoanalytisk topologi, som hos Freud (eg, overeg, det), psykiske strukturar som hos Lacan (nevrose, perversjon, psykose) og relasjonar som i objektrelasjonsteorien . Psykoanalysen sin aktualitet vil i terapeutisk hensikt kunne drøftast i høve til korleis den kan handsame lidingar hos pasientar i dagens samfunn, meir generelt vil spørsmålet om psykoanalysen sin aktualitet bli stilt i samanheng med dei kultur- og kjønnsteoretiske perspektiva den opnar for.


Problemområda over vil bli handsama på bakgrunn av tekstar frå fire tradisjonar:

  • Freud sine grunnleggjande oppdagingar (det umedvitne og seksualiteten hos barn) og hans eigen teoriutvikling
  • Jacques Lacan og fransk psykoanalyse i brytning med fenomenologi, strukturalisme og poststrukturalisme
  • Objektrelasjonspsykologi, sjølvpsykologi og relasjonell psykoanalyse i den angloamerikanske tradisjonen
  • Psykoanalyse og kjønnsteori

Formålet med kurset er fordjuping i nokre av dei sentrale områda i psykoanalysen. Undervisninga tek spesielt sikte å formidla psykoanalytiske teoriar om sjølvet og identitetsdanningar, om kjønnsskilnad og seksualitet, og om det umedvitne sin plass i samband med drifter, begjær og språk.

Læringsutbyte

Studentar som har fullført emnet, skal ha tileigna seg såpass god innsikt i relasjonen mellom hovudemna i Freuds psykoanalyse (det umedvetne og seksualitet) at dei vert i stand til å nytta denne innsikta i andre studiar.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Studentane bør ha minst eitt års studium bak seg, og gode kunnskapar i engelsk. PSANA101 er ein fordel, men ikkje eit krav.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisinga er lagt opp som ei førelesingsrekkje, der lærarar frå dei ulike retningane føreleser kvar for seg eller saman. I tillegg til førelesingane vil det og bli arrangert seminarundervisning som skal gi fordjuping og perspektiv på teoriundervisninga.

Førelesningar: 46 timar

Seminar: 28 timar

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane må levere inn eiga pensumliste til instituttet innan frist oppgitt på Mitt UiB.

Vurderingsformer

Studentane skriv ei sjølvvald oppgåve på 3000-4000 ord i løpet av semesteret. I tillegg vil det bli arrangert ei munnleg prøve i slutten av semesteret. Begge eksamensdelane må vere greidd. Kvar vil telje 50% av den samla karakteren.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Vurderingssemester

Uregelrett

Litteraturliste

Pensum er på om lag 1000 sider, der nokre tekstar skal vere kjernepensum (2/3), og resten støttelitteratur. Studentane vel sjølv kva for tekstar som skal vere kjernepensum og støttelitteratur, men alle hovudområda må vere representerte i kjernepensumet med minst ein tekst.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for allmenn litteraturvitenskap

Emneansvarleg

Fagmiljøet i allmenn litteraturvitenskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no