Motivasjonspsykologi
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterVår, Haust
- EmnekodePSYK109
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Haust og vår
Undervisningsstad
Universitetet i Bergen
Mål og innhald
Emnet skal gje ei systematisk innføring i korleis menneskeleg motivasjon er resultat av samhandling mellom individet sin åtferd, emosjonar, kognisjon, individuelle forskjellar og tilhøve i miljøet.
Studentane skal få innsikt i a) ulike typar motivasjon, b) korleis motivasjon er ein viktig føresetnad for læring, som påverkar både læringsprosess og prestasjonar, c) strategiar for sterkare og meir føremålstenleg motivasjon og yting, d) korleis motivasjon både kan vere eit uttrykk for relativt stabile individuelle skilnader i personlegdom og resultat av tilpassing til omgjevnadene sine forventninger, og e) samanhengen mellom motivasjon, meistring og sjølvoppfatning.
Læringsutbyte
Kunnskapar:
Ved fullført modul skal kandidaten kunne:
- Kjenne sentrale omgrep i motivasjonspsykologien
- Kjenne dei mest sentrale teoriane om motivasjon, og demonstrere kunnskap om dei
- Kjene til forskingsmetodar i studiet av motivasjon
- Analysere sentrale omgrep og teoriar i motivasjonspsykologien og diskutere forholdet mellom dei.
Dugleik
Ved fullført modul skal studenten kunne:
- Drøfte viktige fenomen presentert i modulen
- Demonstrere forståing av motivasjon innan ulike område av psykologien
- Drøft praktiske implikasjonar av ulike motivasjonsteoriar innan felt som skule, arbeidsliv, helse og idrett
Generell kompetanse:
Ved fullført modul skal kandidaten kunne:
- Reflektere rundt kva motivasjon er
- Reflektere rundt korleis ein måler motivasjon
- Reflektere rundt - og tenkje kritisk om - korleis ulike teoriar vinklar motivasjonsfenomen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
PSYK111 Innføring i psykologi og psykologiens historie, eller tilsvarande
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med ein studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar 2 timar per veke i 14 veker, totalt 28 timar.
Seminar 2 timar per veke i 6 veker, totalt 12 timar.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Førelesingar 2 timar per veke i 14 veker, totalt 28 timar.
Seminar 2 timar per veke i 6 veker, totalt 12 timar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Skriftleg skuleeksamen på 4 timar der studentane skal besvare 2 av 3 oppgaver.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Institutt for samfunnspsykologi
Emneansvarleg
Institutt for samfunnspsykologi
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Skuleeksamen
- Dato
- 06.06.2023, 15:00
- Varigheit
- 4 timer
- Trekkfrist
- 23.05.2023
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
- Sted
- Damsgårdsveien 125, DAM 1. etg., DAM 2. etg.
Vurderingsordning: Skuleeksamen (Ny eksamen)
- Dato
- 23.01.2023, 09:00
- Varigheit
- 4 timer
- Trekkfrist
- 09.01.2023
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
- Sted
- Solheimsgt. 18 (Administrasjonsbygget), SOL 2. etg.