Motivasjonspsykologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal gje ei systematisk innføring i korleis menneskeleg motivasjon er resultat av samhandling mellom individet sin åtferd, emosjonar, kognisjon, individuelle forskjellar og tilhøve i miljøet.

Studentane skal få innsikt i a) ulike typar motivasjon, b) korleis motivasjon er ein viktig føresetnad for læring, som påverkar både læringsprosess og prestasjonar, c) strategiar for sterkare og meir føremålstenleg motivasjon og yting, d) korleis motivasjon både kan vere eit uttrykk for relativt stabile individuelle skilnader i personlegdom og resultat av tilpassing til omgjevnadene sine forventninger, og e) samanhengen mellom motivasjon, meistring og sjølvoppfatning.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Ved fullført modul skal kandidaten kunne sjølvstendig, utan hjelpemidler:

  • Kjenne sentrale omgrep i motivasjonspsykologien
  • Kjenne dei mest sentrale teoriane om motivasjon, og demonstrere kunnskap om dei
  • Kjene til forskingsmetodar i studiet av motivasjon
  • Analysere sentrale omgrep og teoriar i motivasjonspsykologien og diskutere forholdet mellom dei.

Ferdigheiter

Ved fullført modul skal studenten kunne sjølvstendig, utan hjelpemidler:

  • Drøfte viktige fenomen presentert i modulen
  • Demonstrere forståing av motivasjon innan ulike område av psykologien
  • Drøft praktiske implikasjonar av ulike motivasjonsteoriar innan felt som skule, arbeidsliv, helse og idrett

Generell kompetanse:

Ved fullført modul skal kandidaten kunne sjølvstendig, utan hjelpemidler:

  • Reflektere rundt kva motivasjon er
  • Reflektere rundt korleis ein måler motivasjon
  • Reflektere rundt - og tenkje kritisk om - korleis ulike teoriar vinklar motivasjonsfenomen

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
PSYK111 Innføring i psykologi og psykologiens historie, eller tilsvarande
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med ein studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar 2 timar per veke i 14 veker, totalt 28 timar.

Seminar 2 timar per veke i 6 veker, totalt 12 timar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Skriftleg skuleeksamen på 4 timar der studentane skal besvare 2 av 3 oppgaver.
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Institutt for samfunnspsykologi
Emneansvarleg
Institutt for samfunnspsykologi
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet