Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Innføring i psykologi og psykologiens historie

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje ei oversikt og innføring i faget psykologi. Studenten lærer mellom anna om ulike perspektiv og analysenivå i psykologien, om minne, læring, utviklingspsykologi, sosialpsykologi og personlegdom. Studenten vil også lære om psykologifaget sitt teoretiske fundament, psykologien sitt opphav og den historiske utviklinga av psykologi som vitskapleg disiplin.

Tema 1: Innføring i psykologi

Studenten får ei innføring i hovudområda i psykologifaget som omfattar utviklingspsykolog, personlegdomspsykologi, sosialpsykologi, kognitiv psykologi, og biologisk psykologi. Hovedfokus vil være på tema som forskningsmetodar, nervesystemets oppbygging og funksjon, persepsjon, læring, hukommelse, språk, tenking, intelligens, ulike bevissthetstilstander, motivasjon og emosjonar, stress og mestring,

Tema 2: Psykologiens faghistorie

Studenten får ei kort historisk innføring i filosofiske skildringar av sjelens/psykens natur og funksjoner . Hovudfokus er ein oversikt over sentrale kjenneteikn ved ulike psykologiske retningar etter etableringen av psykologien som eigen vitskap på 1800-tallet. Det blir gitt ein oversikt over funksjonalismen, behaviourismen, psykoanalysen, gestaltpsykologien, den kognitive revolusjonen, humanismen og relativismen og korleis desse retningane skil seg frå kvarandre og henger saman. Vidare gis det ei innføring i psykiatriens framvekst, skiljet mellom akademisk og anvendt psykologi, og ein kort gjennomgang av den historiske utvikinga av metodetilfanget i psykologien.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

  • redegjøre for ulike perspektiv på psykologi som vitenskap
  • redegjøre for persepsjon og oppmerksomhet
  • redegjøre for sentrale begreper i studiet av bevissthet og ulike bevissthetstilstander, herunder søvn
  • redegjøre for ulike læringsformer
  • redegjøre for ulike modeller for hukommelse, og begrepene "innkoding", "lagring", "gjenhenting" "glemsel"
  • redegjøre for teorier om språk og språklæring
  • redegjøre for tekning, resonnering, problemløsning, bedømmelse- og beslutningstaking
  • diskutere intelligensbegrepet
  • redegjøre for begrepet "motivasjon", og sentrale teorier om motivasjon
  • beskrive kva emosjonar er og kva for funksjonar dei har, og gjere greie for sentrale emosjonsteoriar
  • redegjøre for biologiske, kognitive og sosiale perspektiver på utvikling
  • gjere greie for sosial tenking, sosial innflytelse, sosiale relasjoner og atferd i grupper
  • gjere greie for omgrepa haldningar, attribusjon, sosial inntrykksdanning, fordommar og diskriminering
  • redegjøre for ulike perspektiv på "personligdom"
  • gjere greie for filosofiske forløparar for den vitskapelege psykologien, psykologifaget sitt opphav og etablering som sjølvstendig vitskapeleg fag
  • gjere greie for utviklinga av og samanhengen mellom: Wundt og eksperimentalpsykologien, funksjonalisme, psykoanalysen, behaviorismen, gestaltskulen, psykiatriens framvekst, akademisk og anvend psykologi, humanistisk psykologi og relativisme og den kognitive revolusjonen i psykologien

Ferdigheiter

Studenten kan

  • diskutere ulike psykologiske perspektiver på atferd
  • diskutere tilhøvet mellom individet og dei sosiale omgjevnadane
  • diskutere kva som skil vitskapeleg psykologi frå før-vitskapeleg psykologi
  • diskutere sentrale kjenneteikn ved dei ulike psykologiske retningane, samt å beskrive likskap og skilnader mellom desse med omsyn til innhald, metodebruk og menneskesyn
  • diskutere skiljet mellom og vekselverknadene mellom akademisk og anvendt psykologi

 

Generell kompetanse

Studenten

  • kan redegjøre for og diskutere sentrale perspektiv og tema i psykologi
  • har ein oversikt over korleis psykologien har utvikla seg historisk, kva som kjenneteiknar dei sentrale retningane i moderne psykologi, dvs. psykologien etter Wundt, og korleis desse retningane er ulik kvarandre.
  • har ein grunnleggjande forståing for kva som kjenneteiknar vitskapeleg psykologi

 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

PSYK100 + PSYK111 = 10 studiepoeng i reduksjon

EXFAC03P + PSYK111 = 5 studiepoeng i reduksjon

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Forelesingar samt seminar der studentane drøftar oppgåver og får tilbakemelding på eigne oppgåver

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk innlevering av ei oppgåve på inntil 1000 ord.

Obligatoriske krav må vere godkjent før ein kan ta eksamen i emnet.

Vurderingsformer

4 timars skuleeksamen der ein skal svare på 2 av 3 essayoppgåver relatert til innføring i psykologi og 1 av 2 innan psykologiens faghistorie. På eksamen må ein svare tilfredstillande på alle oppgåvene for å greie eksamen.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi

Emneansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Institutt

Institutt for samfunnspsykologi

Kontakt

Kontaktinformasjon

Kontakt: studieveileder.psyfa@uib.no/55 58 27 10

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    27.11.2019, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    13.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen