Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Sosial- og personlegdomspsykologi

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje studenten ei generell kompetanse i form av forståing for psykologifaget sitt sosiale fundament og kjennskap til sentrale teoriar om personlegdom.

Emnet PSYK112 skal formidle forståing for korleis trekk, biologi og intrapsykiske faktorar kan forklare personlegdom. Emnet skal vidareformidle forståing for sosial tenking og påverknad, samanhengen mellom haldningar og åtferd, fenomen som konformitet og overtaling, konflikt og samarbeid, fordommar og diskriminering, venskap og kjærleik, prososial atferd og aggresjon, samt formidle basalkunnskap om grupper.

Innhald:

Studiet tar opp sentrale teoriar, studiar og forskingsmetodar i personlegdomspsykologi og korleis personlegdom kan målast, samt sentrale teoriar om og studiar på sosial tenking, sosial påverknad og sosiale relasjonar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • kan greie ut om trekkteoretiske bidrag til personlegdomspsykologien (trekk og taxonomiar, tema relatert til teori og måling av trekk, samt korleis trekk kan vere stabile og endrast)
  • kan gjere greie for det biologiske bidrag til personlegdomspsykologien (genetikk, fysiologi, evolusjon)
  • kan diskutere det intrapsykiske bidraget til personlegdomspsykologien (psykoanalyse, nyare psykoanalyse, motivasjon)
  • Har kunnskap om fenomen som sosial påverknad, sosial konstruksjon og attribusjon, samt forholdet mellom holdningar og åtferd
  • Kan greie ut om sentrale sosiale fenomen som konflikt og samarbeid, fordommar og diskriminering, konformitet og overtalelse, aggresjon, venskap og kjærleik, samt prososial åtferd
  • Har kunnskap om sentrale aspekt ved sosialt liv i grupper og mellom grupper, grupper sin funksjon, struktur og prosess

Ferdigheiter:

Studenten

  • Kjenner til dei mest sentrale forskingsmetodane i personlegdomspsykologi
  • Veit korleis personlegdom kan målast
  • Kan gjere greie historiske, kulturelle og samfunnsmessige perspektiv på sosialpsykologien si utvikling
  • Kan definere sentrale omgrep og teoretiske perspektiv på normer og roller, haldningar og verdiar
  • Kan gjere greie for ulike perspektiv på sjølvet og identitet, samt gruppa som sosial eining
  • Forstår grunntrekk ved sosial samhandling i ulike relasjonar, på ulike arenaer og i ulike kulturelle samanhengar

Generell kompetanse:

Studenten

  • Kan definere personlegdom og gjere greie for dei ulike hovudperspektiva på personlegdom
  • Gje ei oversikt over dei sentrale temaområdane innan sosialpsykologien

Studiepoengsreduksjon

  • PSYK102 + PSYK112 = 10 studiepoeng i reduksjon
  • PS102 + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon
  • PS103 + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon
  • PS104 + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon
  • PSYK202A + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar i sosialpsykologi 6 x 2 timar, totalt 12 timar.

Førelesingar i personlegdomspsykologi 6 x 2 timar, totalt 12 timar.

Seminarundervisning i grupper 2 timar per veke i 6 veker, totalt 12 timar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Gjennomføring av ein Multiple Choice test i det digitale vurderingssystemet.

Obligatoriske krav må vere godkjent før ein kan ta eksamen i emnet.

Vurderingsformer

4 timars skuleeksamen der studentane skal svare på 2 av 3 oppgåver innan kvart av felta personlegdomspsykologi og sosialpsykologi, til saman 4 essayoppgåver. På eksamen må ein svare tilfredstillande på alle oppgåvene for å greie eksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

A-F

Fagleg overlapp

  • PSYK102 + PSYK112 = 10 studiepoeng i reduksjon
  • PS102 + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon
  • PS103 + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon
  • PS104 + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon
  • PSYK202A + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon

Vurderingssemester

Haust og vår

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi

Emneansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Institutt

Institutt for samfunnspsykologi

Kontakt

Kontaktinformasjon

Kontakt: studieveileder.psyfa@uib.no/55 58 27 10

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    29.11.2019, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    15.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen