Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Innføring i metode

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje studenten ei generell kompetanse i å forstå grunntrekk ved vitskapelig forskingsmetode, inklusiv forståing for skilnaden mellom kvantitative og kvalitative metodar.

Emnet skal også gje ei innføring i ei vitskapsteoretisk tilnærming til psykologifaget.

Emnet skal formidle forståing for psykologiske forskingsmetodar. Studentane skal ha grunnleggande kunnskapar om psykologiske omgrep og operasjonalisering av desse, variabelomgrepet og målingsproblematikk. Dei skal også ha grunnkunnskapar om eksperimentelle design og ymse ikkje-eksperimentelle metodar som blant anna kasusstudiar og surveymetodar.

Innhald:

Emnet Innføring i metode skal gje studentane ferdigheiter i å forklare kva eit vitskapeleg paradigme er, gje ein oversikt over forskingsetiske dilemma og greie ut om hovudskilnadene mellom eksperimentelle og ikkje-eksperimentelle design. Studentane skal også få kunnskapar om forhold som operasjonalisering, reliabilitet, og validitet. De vil også få kunnskapar om ulike typar ikkje-eksperimentelle og eksperimentelle design.

Psykologiens vitskapsteori

Det blir gitt ei grunnleggjande innføring i psykologiens kjenneteikn som samfunnsfag og naturvitskap samt vitskapsfilosofiske problemstillingar knytta til psykologien. Dette inkluderer presentasjonen av demarkasjonsproblemet samt ei innføring i kjenneteikn, fordeler og ulemper ved ulike metodar som nyttas i psykologisk forsking som kasusstudiar, testar og eksperimenter.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten ..

  • skal ha kjennskap til kva som meinast med litteratursøk, hypotese/problemstilling, operasjonalisering, variabelomgrepet, måleskalaer, reliabilitet og validitet
  • skal kjenne til ikkje-eksperimentelle metodar (observasjon, kasusstudiar, arkivstudiar, surveymetodar, feltmetodikk og intervju)
  • skal ha kunnskap om psykologien sine kjenneteikn som samfunnsfag og naturvitskap
  • kjenner til demarkasjonsproblemet (kva er vitskap?) med særlig blikk på falsifikasjonsprinsippet, operasjonalisme og essensialisme
  • kan gjere greie for problema med ulike forskingsmetodar, årsaksomgrepet, korrelasjonsomgrepet og omgrepet «sannsynlig» (eng. probability) i psykologien
  • kan greie ut om forholdet mellom intuitiv psykologi (til dømes implisitt psykologi, parapsykologi) og vitskapeleg psykologi.
  • kan gje døme på kvalitative forskingsmetodar

Ferdigheiter:

Studenten ..

  • kan redegjøre for kjennetegn ved vitenskapelig litteratur
  • kan forklare kva eit vitskapeleg paradigme er.
  • kan gje ein generell oversikt over etiske dilemma ved forsking.
  • kan greie ut om hovudskilnadene mellom eksperimentelle og ikkje-eksperimentelle design.
  • skal kunne gjøre rede for forholdet mellom eit utval og ein populasjon
  • kan greie ut for kva som kjenneteiknar vitskapeleg psykologi og vitskapeleg metode innan psykologien (demarkasjonsproblemet, falsifikasjonsprinsippet).
  • kan diskutere fordeler og ulemper ved kasusstudiar, testar og eksperimenter (årsaksomgrepet, korrelasjonsomgrepet, generaliseringsproblemet).
  • kan peike på føremoner og ulemper ved kvalitative metodar

Generell kompetanse

  • kan gjere greie for grunntrekk ved vitskapeleg metode, vitskapsteoretiske omgrep og problemstillingar
  • har ein grunnleggjande forståing for kva som kjenneteiknar vitskapeleg psykologi til skilnad frå folkeleg psykologi, vitnesbyrd, parapsykologi eller liknande
  • kan redegjøre for grunnleggende trekk ved kvantitativ psykologisk forskning
  • kan peike på grunntrekk ved kvalitativ psykologisk forsking

 

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Studiepoengsreduksjon

EXFAC03P + PSYK113 = 2 studiepoeng i reduksjon

PSYK102 + PSYK113 = 3 studiepoeng i reduksjon

PS102 + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon

PS103 + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon

PS104 + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon

PSYK202A + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar i metode 8 x 2 timar, totalt 16 timar.

Seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Gjennomføring av ein Multiple Choice test i det digitale vurderingssystemet.

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjent før ein kan ta eksamen i emnet.

Vurderingsformer

3 timars skuleeksamen der studentane skal svare på 1 av 2 oppgåver i vitskapsteori og 1 av 2 oppgåver innan kvantiativ og kvalitativ metode. På eksamen må ein svare tilfredstillande på begge oppgåver for å greie eksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

A-F.

Fagleg overlapp

EXFAC03P + PSYK113 = 2 studiepoeng i reduksjon

PSYK102 + PSYK113 = 3 studiepoeng i reduksjon

PS102 + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon

PS103 + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon

PS104 + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon

PSYK202A + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi

Emneansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Institutt

Institutt for samfunnspsykologi.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Kontakt: studieveileder.psyfa@uib.no/55 58 27 10

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    25.11.2019, 09:00
    Varigheit
    3 timer
    Trekkfrist
    11.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen