Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Innføring i operativ psykologi og menneskelege faktorar i operative situasjonar

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje studentane forskingsbasert og relevant kunnskap om psykologiske forhold som påverkar menneskeleg åtferd i tidskritiske og krevjande situasjonar der liv, helse eller grunnleggande verdiar er trua. Kunnskapen skal kunne nyttast til å analysere og forstå menneskelege faktorar av betyding for situasjonsforståing, avgjerdstaking, samhandling og leiing av operasjonar i høgrisikoorganisasjonar (for eksempel innanfor maritime- og offshoresettingar) eller innanfor institusjonar som tek hand om helse og samfunnstryggleik (for eksempel AMK, brann, redning og politi). Sentrale psykologiske prosessar som påverkar individ og grupper si evne til å handtere kritiske utfordringar før, under og etter operasjonar og innsats blir handsama. I kurset får studentane ei innføring i 5 operative utfordringar: ulike tema: 1) Stress- og stressmestring, 2) tenking, 3) ivaretaking, 4) kriseleiing og 5) læring knytt til innhald nemnd over.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:
Studenten kan

  • gjera greie for biologiske og psykologiske stress-markørar, ulike strategiar for mestring av stress, tydinga av individuell robustheit og korleis individ og grupper kan forbetre evne til å mestre stress.
  • gjera greie for kva som er kravd for å oppnå god situasjonsmedvit, og kva som kjenneteiknar god tenking og avgjerdstaking, irekna psykologiske mekanismar som truar god avgjerdstaking og korleis både individuelle ¿ og sosiale forhold påverkar evna til tenking, problemløysing og avgjerdstaking i operative situasjonar.
  • gjera greie for kor viktig det er å ivareta eige personell i utøving av operativt leiarskap.
  • gjera greie for normale og patologiske reaksjonar på traumatiske hendingar, irekna post traumatisk stressliding (PTSD), traumatisk hjerneskade, akutt stressliding (ASD) og naturlege sorgreaksjonar.
  • gjera greie for korleis operative leiarar, team-medlemmer og organisasjonar kan ivareta personell både i førebuing, gjennomføring og etterfase av krevjande operasjonar, irekna korleis personell kan takast vare på etter traumatiske hendingar.
  • gjera greie for sentrale utfordringar knytt til leiing i krisesituasjonar (critical incident leadership), konsentrert rundt leiaren og teamet.
  • gjera greie for korleis robustheit og mestringsevne er relatert til leiaren, og korleis faktorar som situasjonsmedvit, samhandling og koordinert initiativ kan oppnåast under press.
  • greie ut om korleis kunnskap om aktivering, motivasjon, mestring og læring kan brukast for å betre prestasjonar og fremja operativ trening.
  • gjera greie for individuelle forhold som læringsstil, sjølvtillit og kontrollplassering og korleis desse faktorane kan fremja læring og trening.

Ferdigheiter:
Studenten kan

  • drøfte ulike årsakar til at individ eller grupper ikkje meistrar ein operativ situasjon, og peike på moglege tiltak for å auke operativ yteevne.
  • kjenne att avgjerdsfeller og sosiale prosessar, som hemmar evne til kritisk tenking og avgjerdstaking i operative situasjonar.
  • gje råd om korleis tenking, samhandling, avgjerdstaking og leiing kan utviklast på individ og gruppenivå.
  • drøfte fordelar og ulemper med å bruke ulike lærings- og treningsformat for å auke den operative kapasiteten til eit innsatslag eller ei avdeling.
  • gje råd om korleis innsatspersonell bør takast vare på og følgast opp etter kritiske hendingar og operativ innsats.

Generell kompetanse:

Studenten kan

  • integrere forskingsbasert psykologisk kunnskap i møte med kjerneutfordringar som mestring, læring, tenking, kriseleiing og ivaretaking av eige personell før-, under-, og etter kritiske operasjonar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Faget er organisert rundt fem teorimodular, der ein kombinerer forelesingar og seminar/læringsgrupper rundt ei felles rammeforteljing (case). Det vil være 11 x 2 timar forelesingar, og 5 x 2 timar seminar/læringsgrupper. Arbeidsmåten i faget vil veksle mellom lærarstyrt undervising, gruppearbeid, eigenlæring, case-analysar og drøftingar og presentasjonar i plenum under gjennomgang av kvart case.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det krevjast minimum 80% oppmøte på samla undervisning.

Vurderingsformer

3 dagars individuell heimeeksamen (maks 10 sider, skrifttype Times New Roman, skriftstørrelse 12, linjeavstand 1,5, margar min 2 cm)

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust og vår

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Emneansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi

Institutt

Institutt for samfunnspsykologi

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder.psyfa@uib.no

Tlf 55 58 27 10

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    07.10.2019, 09:00
    Innleveringsfrist
    09.10.2019, 15:00
    Trekkfrist
    23.09.2019
    Sensur kunngjøres
    10.10.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen