Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Praktisk forskningsmetode

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje studenten ei innføring i korleis forskingsprosjekt innan psykologi og pedagogikk planleggjast og gjennomførast. Emnet skal formidle ei forståing for korleis psykologiske og pedagogiske forskingsprosjekt skal vert førebudde, inklusive relevante teoriar for prosjektet, idear til prosjektet, problemstillingar/hypotesar, praktiske førebuingar, gjennomføring (med tanke på prosedyrer og målinger), eigenoppleving, etiske problemstillingar og avgrensingar/svakheiter med studien.

Innhald:

Emnet Praktisk forskingsmetode skal gje studentane ferdigheiter i å forstå det teoretiske grunnlaget for ein studie, og korleis dette vert omsett til en idé. Vidare vil ein få innsikt i korleis ein idé vert omsett til ein hypotese eller problemstilling. Studentane får kunnskap om korleis ei prosjektsskildring kan sjå ut, får innsikt i praktiske førebuingar til et prosjekt, og korleis datainnsamling finn stad i praksis. Refleksjon kring eigenoppleving knytt til rolla som forsøksperson vil også inngå, inklusive etiske aspekt ved studien.

Læringsutbyte

Kunnskaper:

Studenten...

1) skal kjenne til grunnleggende etiske retningslinjer relevant for psykologisk og pedagogisk forskning

2) kan greie ut om bakgrunnen for ein vitskapleg prosjektide

3) skal kjenne til korleis ei prosjektskildring er bygd opp (struktur) og det typiske innhaldet

Ferdigheiter:

Studenten...

1) kan greie ut om ulike sider ved praktisk gjennomføring av et forskningsprosjekt

2) kan greie ut om datainnsamling i praksis

3) kan reflektere over prosjektdeltaking ut frå rolla som deltakar

Generell kompetanse:

Studenten kan gjere greie for forskingsprosessen frå teori/idé, til praktisk gjennomføring og

datainnsamling

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Ope for alle med studierett ved UiB

Arbeids- og undervisningsformer

Gjennomlesning av prosjektbeskriving/protokoll, praktisk deltaking i prosjektet som forsøksperson.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på introduksjonsforelesning (4 timer).

Praktisk deltaking i forskningsprosjekter.

Obligatoriske arbeidskrav blir vurdert som godkjent / Ikkje godkjent og er kun gyldige i inneverande semester.

Vurderingsformer

Ein tekst om forskningsetikk må lesast. Dei spesifikke utfordringer som er knytt til det enkelte prosjekt er beskrive i prosjektbeskrivinga som studentane må lese. Emnet forutset vidare deltaking i forskningsprosjekt som forsøksperson. For kvart prosjekt studenten deltar i må han/ho lese ein oppgjeve artikkel (vald av prosjektleiar) som presenterer temaet/teorier/metodar relevant for studien, og lese prosjektskildringa.

Etter praktisk deltaking må studenten skrive et refleksjonsnotat på minst 1000 ord knytt til kvart prosjekt. Dette skal innehalde følgjande punkt:

a) Bakgrunn for studien

b) beskriving av kva ein sjølv gjorde i prosjektet

c) beskriving av kva opplevingar ein hadde som forsøksperson

d) peike på potensielle etiske utfordringar ved prosjektet

e) oppsummere kva ein har lært.

Prosjektleiar leser og godkjennar refleksjonsnotatet.

For deltaking på innføringsforelesning gis en uttelling på 4 timer. For gjennomlesing av stoffet om etikk får ein utteljing på 20 timar. For kvart prosjekt får ein uttelling for den skriflege delen (lese ein grunnlagsartikkel, lese prosjektbeskrivinga og skrive refleksjonsnotat) på 20 timar. Utover dette gis det time-for-time uttelling (minimum 2 timar for kvart einskild prosjekt) for praktisk prosjektdeltaking. Når ein til saman har kome opp i 130 timer blir emnet godkjent.

Hjelpemiddel til eksamen

Alle hjelpemiddel tillatne

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Tilrådd litteratur skal vere klar 1. juni i haustssemesteret og 1. desember i vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt

kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi

Emneansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Refleksjonsnotat

    Trekkfrist
    26.09.2022
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    • Eksamensdel: Deltagelse forelesning

    • Eksamensdel: Deltakelse forskningsprosjekt

    • Eksamensdel: Deltakelse forskningsprosjekt

    • Eksamensdel: Deltakelse forskningsprosjekt