Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Åtferd, helse og ernæring

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane kunnskap om sentrale aspekt ved kosthald og ernæring og deira rolle for åtferd, kognisjonar, mental og somatisk helse. Emnet gir innsikt i korleis kosthald kan sjåast som ein del av eit større livsbilde. Det blir gitt teoretisk kunnskap innan søvn, døgnrytmar, energi metabolisme, hjernefunksjon og stress samt kva for strukturelle og individuelle faktorar som kan vere med å forklare utvikling av matvareintoleranse, eteforstyrringar og overvekt. Studentane skal utvikle kompetanse og ferdigheiter i kva som er gode og verksame tiltak for å fremje eit helsegunstig kosthald med vekt på samspel mellom individuelle og strukturelle faktorar.

Emnet vil gje ei innføring både i kosthald/ernæring som ein viktig basis for åtferd og psykisk helse, samt tiltak som kan setjast i verk for å fremje eit gunstig kosthald med tanke på psykisk helse. Tiltaksutviklinga vil bli sett i relasjon til den observerte auken i overvekt som gjer seg gjeldande både i Noreg og i andre vestlege land.

Læringsutbyte

Kunnskaper

Etter fullførd emne skal studentane kunne gjere greie for og diskutere:

  • Sentrale element ved ernæring og hjernefunksjo
  • Feilernæring som en risikofaktor for utvikling av psykiske lidingar.
  • Samanhengen mellom hjernen, ernæring, energiregulering og:

-Emosjonar

-Kognitive funksjonar

-Døgnrytmer

-Søvn

-Stress

  • Psykobiologiske aspekt ved

-Matvareintoleranse

-Eteforstyrringar

-Overeting

-Funksjonelle mageplager

-Regulering av appetitt og eteåtferd

  • Leggje eit grunnlag for helsefremjande kosthald
  • Teoretisk tilnærming til førebyggjande helsearbeid

-Holdningar og åtferd

-Preventive tiltak retta mot kosthaldsrelaterte lidingar

  • Helseåtferdsmodellar

- Åtferdsendringar og motivasjon

  • Eteforstyrringar

-Diagnostiske kriterium, klinisk forståing

-Sentrale hypotesar om korleis slik lidinger utviklast

-Helsekonsekvensar

-Psykologiske intervensjonar

-Rolla som behandler

-Målemetodar for å måle eteåtferd, eteforstyrringar og fysisk aktivitet

Ferdigheiter

Etter fullførd emne skal studenten kunne:

    • Formidle kunnskap tilegna kurset gjennom å anvende akademisk skriving - gi ein klar fremstilling av teori og empiri

Generell kompetanse

Ved fullførd emne skal studenten kunne: 

    • Redegjere for og diskutere sentrale perspektiv og tema innan biologiske, psykologiske, sosiale og strukturelle aspekt ved ernæring

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar og seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Gjennomføring av ein Multiple Choice test i det digitale vurderingssystemet. Obligatoriske krav må vere godkjent før ein kan ta eksamen i emnet.

Vurderingsformer

4 timars skuleeksamen der ein skal svare på 2 av 3 essayoppgåver.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F.

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Litteraturforslag for emnet er på ca. 1000 sider.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Institutt for biologisk og medisinsk psykologi

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    10.09.2019, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    27.08.2019
    Sensur kunngjøres
    23.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted