Åtferd, helse og ernæring

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane kunnskap om sentrale aspekt ved kosthald og ernæring og deira rolle innan åtferd, kognisjonar, mental og somatisk helse. Emnet gir innsikt i korleis kosthald kan sjåast som ein del av eit større livsbilde. Det blir gjennomgått teoretisk kunnskap innan søvn, døgnrytmar, energi metabolisme, hjernefunksjon og stress samt kva for strukturelle og individuelle faktorar som kan vere med å forklare utvikling av matvareintoleranse, eteforstyrringar og overvekt. Studentane skal utvikle kompetanse og ferdigheiter i kva som er gode og verksame tiltak for å fremje eit helsegunstig kosthald med vekt på samspel mellom individuelle og strukturelle faktorar.

Emnet vil gje ei innføring både i kosthald/ernæring som ein viktig basis for åtferd og psykisk helse, samt tiltak som kan setjast i verk for å fremje eit gunstig kosthald med tanke på psykisk helse. Tiltaksutviklinga vil bli sett i relasjon til den observerte auken i fedme som gjer seg gjeldande både i Noreg og i andre vestlege land.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskaper

Studentane...

  • har kunnskap om sentrale element ved ernæring og hjernefunksjon
  • har kunnskap om feilernæring som en risikofaktor for utvikling av psykiske lidingar
  • har kunnskap om samanhengen mellom hjernen, ernæring, energiregulering og emosjonar og kognitive funksjonar
  • har kunnskap om samanhengen mellom hjernen, ernæring, energiregulering og døgnrytmar og søvn
  • har kunnskap om samanhengen mellom hjernen, ernæring, energiregulering og stress
  • har kunnskap om psykobiologiske aspekt ved regulering av appetitt og eteåtferd
  • har kunnskap om psykobiologiske aspekt ved eteforstyrringar og overeting
  • har kunnskap om psykobiologiske aspekt ved funksjonelle mageplagar
  • har kunnskap om psykobiologiske aspekt ved matvareintoleranse
  • har kunnskap om helsefremjande kosthald
  • har teoretisk kunnskap om førebyggjande helsearbeid, som omfattar:
    • Kunnskap om holdningar og åtferd
    • Preventive tiltak retta mot kosthaldsrelaterte lidingar
  • har teoretisk kunnskap om helseåtferdsmodellar, åtferdsendringar og motivasjon
  • har kunnskap om eteforstyrringar, som omfattar:
    • Diagnostiske kriterium, klinisk forståing
    • Sentrale hypotesar om korleis slike lidinger utviklast
    • Helsekonsekvensar ved eteforstyrringar
    • Psykologiske intervensjonar og rolla som behandler
    • Målemetodar for å måle eteåtferd, eteforstyrringar og fysisk aktivitet

Ferdigheiter

Studentane...

  • kan formidle kunnskap tilegna på kurset sjølvstendig og utan hjelpemiddel gjennom å anvende akademisk skriving - gi ein klar fremstilling av teori og empiri

Generell kompetanse

Studentane...

  • kan formidle og diskutere sentrale perspektiv og tema innan biologiske, psykologiske, sosiale og strukturelle aspekt ved ernæring

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gitt i form av førelesingar og seminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ein fleirvalsprøve i det digitale vurderingssystemet. Studenten må svara rett på minst 2/3 av spørsmåla for at prøven skal vera godkjent.

Den obligatoriske undervisningsaktiviteten må være godkjent før ein kan ta eksamen i emnet.

Vurderingsformer
4 timars skuleeksamen der ein skal svare på 2 av 3 essayoppgåver.
Karakterskala
A-F.
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Institutt for biologisk og medisinsk psykologi
Emneansvarleg
Institutt for biologisk og medisinsk psykologi
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet