Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Bacheloroppgave i arbeids- og organisasjonspsykologi

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodePSYK201
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Studenten skal i samarbeid med andre studentar skrive ei oppgåve, der konkrete faglege problemstillingar skal svarast på ved hjelp av empiriske vitskapelege undersøkingar og/eller teori. Studenten skal gjennom bacheloroppgavåa tileigne seg kunnskapar om forskingsprosessen gjennom å setje seg inn i relevant teori, utarbeide forskingsspørsmål, samle inn relevant empiri og produsere eit skriftleg arbeid ut frå vitskapelige standardar (APA-standard). Studenten skal skrive oppgåva saman med andre studentar, og skal i denne samanheng tileigne seg kunnskapar og oppøve evner med omsyn til forskingssamarbeid. Studetane skal også tileigne seg evner i samband med forskingsformidling gjennom munnleg presentasjon av sitt forskingsarbeid. Undervisninga er organisert i følgjande hovuddelar:

1) Å skrive ei Bacheloroppgåve - formelle rammer:
Innføring i alle relevante sider ved det å skrive Bacheloroppgåva. Studentane vil få innsyn i:

  • Rettar og krav til studentar og rettleiarar
  • Tidsrammer og -fristar
  • Organisering av arbeidet, inkl. det å skrive saman med andre studentar
  • Oppgåva si oppbygging og format (APA-standard)
  • Evalueringsform

2) Kvalitativ og kvantitativ metode

Studentane skal tileigna seg grunnleggjande kunnskapar om kvantitative og kvalitative forskingsmetodar.

3) Forskingsprosessen og oppgåveskrivinga

Kandidaten skal få adekvate kunnskapar om kva eit forskingsprosjekt er satt saman av og gjennomføre sin eigen Bacheloroppgåve.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Ved fullført emne skal studenten kunne:

  • Gjer greie for grunnleggande kjenneteikn ved kvantitative og kvalitative forskingsmetodar. Nærare bestemt forskingsdesign, innsamling og behandling av ulike typer data (kvantitative og kvalitative).
  • Gjer greie for de ulike fasene som inngår i eit forskingsprosjekt.

Ferdigheiter:

Ved fullført emne skal studenten kunne:

  • Planleggje og gjennomføre eit forskingsprosjekt
  • Stille forskingsspørsmål som lar seg svara på med vitskapelige metodar
  • Tileigna seg relevant forskingsinformasjon (mellom anna datasøk)
  • Utvikle og nytte adekvate forskingsinstrument (til dømes intervjuguidar, spørjeskjema)
  • Demonstrere ferdigheiter i korrekt oppbygging av eit vitskapeleg arbeid etter APA-standarden, korrekt bruk av kjelder, korrekt presentasjon av referansar og bruk av relevante litteraturdatabasar
  • Analysere data eller presentere og drøfte teori
  • Formidle teori og resultat skriftleg og munnleg

Generell kompetanse:

Ved fullført emne skal studenten kunne:

  • Reflektere om det å utøve forsking i høve til eksisterande teori og empiri.

Reflektere om etiske forhold i høve til bruk og tolking av egne data, kjelder og sitering

Krav til forkunnskapar

For å kunne melde seg opp til eksamen i emnet må ein ha bestått emnene PSYK112 Sosial og personlegdomspsykologi, PSYK202 Metode og PSYK110 Arbeids- og organisasjonspsykologi, eller tilsvarande emne.

Krav til studierett

Emnet krev studierett på bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på undervisninga er obligatorisk.

Undervisninga vil vere satt saman av tre førelesingar á 3 timar. Dette følgjast opp av to "workshops" om konkretisering av eigne forskingsspørsmål og val av samarbeidspartnarane på oppgåva. I framhaldet vert det gitt undervisning satt saman av ei praktisk innføring i både survey- og intervjumetoden over to dagar kvar på 6 timar. Rettleiing vil finne stad i grupper på 2-4 studentar. Kvar gruppe får 3 rettleiingar á 2 timar på nærare fastsett tidspunkt i løpet av semesteret. Undervisninga går over eitt semester.

Studentane må halde ein munnleg presentasjon (gruppepresentasjon) av den skriftlege oppgåva i plenum der presentasjonen vil vurderast som godkjent/ikkje godkjent.

Vurderingsformer

Ei skriftleg bacheloroppgåve (gruppeoppgåve).

Alle kandidatar på ei gitt oppgåve får same sluttkarakter. Det vert nytta gradert karakterskala (A-F).

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med Det psykologiske fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering. Evaluering av undervisninga skal skje minimum kvart 3. semester.

Institutt

Institutt for samfunnspsykologi.