Metode
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodePSYK202
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Undervisningssemester
Vår. Emnet tilbys første gang Vår 2018.
Mål og innhald
Forskingsmetodekurset er sett saman av tre delar: kvantitativ metode, kvalitativ metode og data-analyse/øvinger (der ein kan velja mellom øving i statistiske analysar og øving i kvalitative analysar). Innanfor kvantitativ metode vil emnet i hovudsak ta for seg anvending av den generelle lineære modellen, som blant anna omfattar regresjon og variansanalyse. Hovudfokuset i emnet er på parametrisk statistikk, men vil òg omfatte døme på ikkje-parametriske metodar. Innanfor kvalitativ metode vil kurset gje ei innføring i sentrale kvalitative tilnærmingar til designar, datainnsamling og analyse, og dessutan vitenskapsteoretisk forankring for desse. Hovudfokuset i kurset er på tre sentrale analytiske tilnærmingar: Fenomenologi, Grounded theory og diskursanalyse.
Studentane som vel øvinger i statistiske analysar, vil få trening i organiseringa av eit statistikkprogram, og kompetanse til å utføra ulike typar statistiske analysar ved hjelp av slike program. Studentane som vel øvinger i kvalitative analysar vil få trening i datainnsamling (intervju/observasjon), kvalitativ analyse, og dessutan nytta relevant programvare for å organisera og analysera kvalitativt forskingsmaterial.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Ved fullført emne kan studenten:
- gjere greie for mål på sentraltendens, variasjon og samvariasjon
- gjere greie for sannsynsomgrepet og relatere dette til signifikantstesting
- gjere greie for H0, H1, type I og type II feil
- gjere greie for ulike metodar for å samanlikne gruppar (som t.d. t-test og ANOVA)
- gjere greie for ulike metodar for å undersøke samanhengen mellom variabler (f.eks. korrelasjon og regresjon)
- gjere greie for den vitenskapsteoretiske forankringa til ulike kvalitative tilnærmingar
- gjere greie for kjenneteikn ved kvalitative design og innsamlingsmetodar (som t.d. observasjon og intervju) og kva for eit bruksområde desse passar til
- gjere greie for sentrale kvalitatie analysemetodar (som t.d. fenomenologi og diskursanalyse)
- gjere greie for underliggande antagelser og føresetnader for lineære modellar, og dessutan konsekvenser av brot på desse antagelsene
- vise kjennskap til omgrepet og idéen bak effektstyrke innan kvantitativ metode
Ferdigheiter
Ved fullført emne kan studenten:
- foreslå relevante design, datainnsamling og analysar innan kvantitativ eller kvalitativ metode som er egna til å svare på forskingsspørsmål
- gjennomføre relevante analysar med standard programvare innan eit av houvdområdane for dataanalyse (kvalitativ/kvantitativ)
- tolke resultat frå dataanalyser i samanheng med forskingsspørsmål
Generell komptanse
Emnet vil overordna gje studentane kompetanse til å kritisk vurdera eigne og andres resonnement ut frå vitenskapsteoretiske og metodiske perspektiv. Studentane vil få kjennskap til vanlege feilkjelder, etiske problemstillingar og avgrensingar knytt til både kvantitative og kvalitative metodar. Studentane skal vere i stand til å nytte metodiske omgrep i analysar av spørsmål som stammar frå ulike kjelder, som til dømes avisar og sosiale medium i tillegg til faglitteratur.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
Emnet krev studierett ved eit av følgjande studieprogram:
- Bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi
- Bachelorprogrammet i generell psykologi
- Bachelorprogrammet i pedagogikk
- Bachelor i spesialpedagogikk
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
- Førelesingar i kvantitativ metode, totalt 12 timar.
- Førelesingar i kvalitativ metode, totalt 12 timar.
- Dataøvingar i statistikk i grupper eller øvingar i kvalitative analysar, totalt 12 timar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Obligatorisk gjennomføring av to fleirvalsprøvar.
- Obligatorisk innlevering av ei oppgåve innan anten kvalitativ analyse eller kvantitativ analyse. Oppgåva kan skrivast i grupper på inntil tre studenter. Vert godkjent av faglærar.
- Obligatoriske krav må vere godkjent før ein kan ta eksamen i emnet. Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i tre semester (det semesteret ein gjennomfører aktivitetane og dei to påfølgjande semstera).
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:- 4 timar skuleeksamen der ein skal svare på både ei kvalitativ og ei kvantitativ oppgåve.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F.
Fagleg overlapp
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Institutt
Institutt for samfunnspsykologi
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Skuleeksamen
- Dato
- 08.04.2022, 09:00
- Varigheit
- 4 timer
- Trekkfrist
- 25.03.2022
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
- Sted
- Damsgårdsveien 125, DAM 1. etg., DAM 2. etg.