Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Artikkellesning i generell psykologi

Undervisningssemester

Vår. Emnet tilbys første gang Vår 2018

Mål og innhald

Emnet har som mål å . . .

Styrke studentane sin kompetanse i å vurdere og diskutere vitskapelege tekstar med utgangspunkt i utvalde vitskapelege artiklar i psykologi.

Emnet skal formidle forståing for innhaldsmessige og framstillingsmessige grep i vitskapelige tekstar.

Innhald:

Studiet tar opp tema som vitskapeleg relevans, tilhøvet mellom problemstilling og metode, og tilhøvet mellom empiriske funn og konklusjonar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten...

  • har kunnskapar om vitskapelege kriterier for å vurdere kvalitet i vitskapelege artiklar
  • har kunnskapar om bibliometriske kriterier for å vurdere kvalitet i vitskapelege artiklar (nivå, impact factor, siteringsindeksar m.m.)
  • har kunnskapar om kva som kjennetegner et vitenskapeleg tidsskrift (faglege retningslinjer, fagfellevurdering, formatkrav)

Ferdigheiter

Studenten...

  • kan vurdere og diskutere vitskapelege tekstar
  • kan identifisere vesentlige element i ein vitskapeleg publikasjon som vitskapeleg relevans, dokumentasjon av påstandar, tilhøvet mellom problemstilling og metode, omgrepsdefinisjonar, operasjonaliseringar, tilhøvet mellom empiriske funn og konklusjonar, og generaliseringar m.m.

Generell kompetanse

Studenten...

  • har forståing for innhaldsmessige og framstillingsmessige grep i vitskapelige tekstar
  • har røynsle med å presentere ei vitskapeleg tekst for andre

 

Krav til forkunnskapar

Årsstudiet i psykologi (PSYK111, PSYK112, PSYK113, PSYK114)

Krav til studierett

Opptak til bachelorprogrammet i generell psykologi

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

  • Oversiktsførelesningar
  • Seminar med organiserte for-imot diskusjonar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Skrive 1 essay i gruppe (som får kommentarar frå medstudentar digitalt - før innlevering)
  • Gje tilbakemelding på 1 gruppe sitt essay (digitalt)
  • Muntleg gruppepresentasjon av en vitenskapelig artikkel

Desse må vere godkjende av lærar før studenten kan gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Skriftleg heimeeksamen der ein gitt vitskapeleg artikkel skal analyserast og vurderast i 2 arbeidsdagar. Heimeeksamen skal vere på 5-6 sider i APA format, med linjeavstand 1.5, fontstorleik 12, og med standard margar (2,54 cm venstre/ høgre, topp og botn). Referanseliste og appendiks kjem i tillegg.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F.

Vurderingssemester

Vår.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Institutt for samfunnspsykologi

Kontakt

Kontaktinformasjon

Kontakt: studieveileder.psyfa@uib.no / 55 58 27 10

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    14.10.2019, 09:00
    Innleveringsfrist
    15.10.2019, 15:00
    Trekkfrist
    30.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen