Affekt og kognisjon

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet gjev brei kunnskap om tilhøvet mellom kognitive prosessar og affektive tilstandar. Fokus er både på korleis emosjonar er påverka av kognitive prosessar og korleis affektive tilstandar påverkar kognitive prosessar. Emnet gjev også spesifikk kunnskap om korleis utvalde kognitive prosessar er påverka av affekt. I tillegg tar emnet opp tilhøvet mellom affekt og medvit, kognitive mekanismar i affektregulering, samt kulturelle og individuelle forskjellar i affekt.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter fullført emne skal studenten:

  • kjenne til og definere ulike former for affekt, inkludert emosjonar, affekt og kjensler. (Modul 1)
  • skildre og diskutere sentrale modellar for tilhøvet mellom affekt og kognisjon og sentrale funn som ser nærmare på desse modellane. (Modul 1-11)
  • ha innsikt i dei to hovudspørsmåla i faget: på kva slags måtar menneskeleg tenking er påverka av affekt, og i kva grad emosjonelle reaksjonar er påverka av kognitive prosessar. (Modul 1-11)
  • forklare korleis affektive tilstandar kan manipulerast og målast. (Modul 2)
  • ha innsikt i kva kognitiv vurdering er, samt drøfte betydinga av kognitiv vurdering for emosjonar. (Modul 3)
  • gjere greie for korleis affekt kan fungere som ei informasjonskjelde. (Modul 4)
  • definere affekt-priming, humørkongruens og humøravhengig hukommelse, og vise kva rolle affekt spelar i persepsjon, merksemd og hukommelse. (Modul 5)
  • kjenne til korleis problemløysing kan vere påverka av affekt. (Modul 6)
  • vite kva metakognitive kjensler er, og korleis desse kan studerast i hukommelse og problemløysing. (Modul 5 og 6)
  • forklare kva tid og korleis menneskelege vurderingar er påverka av affekt. (Modul 7)
  • ha innsikt i tilhøvet mellom affekt og avgjerdstaking, og kva ulike teoriar hevdar om nytteverdien av antesipert versus antesipatorisk affekt for avgjerder. (Modul 8)
  • forklare tilhøve mellom affekt og medvit, og mellom affekt og intuisjon. (Modul 9)
  • vite kva som meinast med affektregulering, og kva rolle kognitive mekanismar spelar for affektregulering. (Modul 10)
  • gjere greie for ulike teoretiske syn på kulturelle forskjellar i oppleving av emosjonar og individuelle forskjellar i emosjonell intelligens. (Modul 11)

Ferdigheiter

Etter fullført emne skal studentane kunne:

  • samanlikne modellar og omgrep i faget opp mot kvarandre.
  • bruke fagleg kunnskap for å forstå menneskeleg åtferd i aktuelle situasjonar.
  • peike på svake og sterke sider ved sentrale teoriar og studiar i faget.
  • formidle sentralt fagstoff skriftleg.

Generell kompetanse

Etter fullført emne skal studentane kunne:

  • vere medvitne på korleis omgrep og modellar frå emnet kan brukast til å forstå menneskeleg åtferd.
  • kunne sjølvstendig, og utan hjelpemiddel, gjere greie for sentrale problemstillingar, kunnskaper og metodar innanfor affekt og kognisjon

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Det er tilrådd at deltakarane har kunnskap i psykologi tilsvarande førsteårsstudiet i psykologi. Kjennskap til kognitiv psykologi er ein fordel ved deltaking på emnet.
Studiepoengsreduksjon
Ikkje aktuelt
Krav til studierett

Emnet krev studierett på eit av følgjande studieprogram:

  • Bachelorprogrammet i generell psykologi
  • Bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi
  • Bachelorprogrammet i kognitiv vitskap
Arbeids- og undervisningsformer

Dei spesifikke måla kan bli nådde gjennom deltaking i førelesingar og seminar, sjølvstudium og samarbeid med medstudentar. Samla undervising utgjer 48 timar, som blir delte mellom nøkkelførelesingar, seminar og organisert gruppearbeid. Gruppearbeidet dannar basis for presentasjon av vitskaplege artiklar i seminar.

Valfri videopresentasjon av tildelt øvingsoppgåve (gruppeoppgåve): Maks. 10 minutt lang presentasjon av dei viktigaste momenta som bør inngå i eit svar på oppgåveteksten. Alle studentane i gruppa må bidra i videoen. Videoen skal godkjennast av emneansvarleg, og kan og gjerast tilgjengeleg for medstudentar på same kull som og har laga video (lukka område i Mitt UiB), etter studenten sitt eige samtykke.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

De spesifikke målene kan bli nådd gjennom deltakelse i forelesninger og seminar, selvstudium og samarbeid med medstudenter. Samlet undervisning utgjør 48 timer, som blir delt mellom nøkkelforelesninger, seminar og organisert gruppearbeid. Gruppearbeidet danner basis for presentasjon av vitenskapelige artikler i seminar.

Valfri videopresentasjon av tildelt faglitteratur (gruppeoppgave): Max. 10 minutter lang videopresentasjon av dei viktigaste momenta i kapittelet/artikkelen, samt faglege begrensninger og mogeleg kritikk. Alle studentane i gruppa må bidra i videoen. Videoen skal godkjennast av emneansvarleg, og kan og gjerast tilgjengeleg for medstudentar på samme kull som og har laga video (lukka område i Mitt UiB), etter studentens eige samtykke.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
4 timars skoleeksamen der kandidaten svarar på to av tre oppgåver
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel tillatne
Programansvarleg
Institutt for samfunnspsykologi
Emneansvarleg
Institutt for samfunnspsykologi
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet