Organisasjonspsykologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med emnet er å gi studentane forståing for menneske i eit organisasjonspsykologisk perspektiv. Tema som vert tekne opp inkluderer kommunikasjon, leiing, individuelle forskjellar, grupper og gruppeprosessar, konfliktar, organisasjonskultur, og organisasjonsutvikling inkl. omstillingar i organisasjonar. Konkretiserte mål er å gjere studentane kjende med tydinga av så vel individuelle som leiingsrelaterte, grupperelaterte og organisatoriske faktorar si tyding for menneskeleg åtferd i organisasjonar. Emnet skal gi studentane ei fordjuping i organisasjonspsykologi som bidrar til at dei i ulike roller og funksjonar vil forstå, beskrive, analysere og anvende kunnskap om individ i samspel på tvers av ulike situasjonar og organisatoriske kontekstar.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten kan:

  • Gjere reie for sentrale metodiske problemstillingar knytte til organisasjonspsykologisk forsking
  • Gjere reie for og diskutere kommunikasjon i organisasjonar med basis i Action Science
  • Gjere reie for og diskutere kva vi i faglitteraturen forstår med omgrepet stress og korleis verksemder og tilsette på ein best mogleg måte kan mestre stress
  • Gjere reie for og diskutere sentrale teoriar, modellar og omgrep som gjeld leiing i organisasjonar, samt kunne gjere reie for empiri som gjeld forløparar og konsekvensar av leiaråtferd
  • Gjere reie for og diskutere sentrale perspektiv på og omgrep som gjeld danning og utvikling av grupper og team, og kva som kjenneteiknar effektive grupper og team
  • Gjere reie for og diskutere sentrale teoriar og modellar for konfliktar, inklusive forløparar, innhald og konsekvensar
  • Gjere reie for og drøfte modellar og omgrep som gjeld organisasjonskultur, inklusive kva som kjenneteiknar funksjonelle organisasjonskulturar og utvikling av kulturar
  • Gjere reie for og drøfte modellar og omgrep som gjeld organisasjonslæring, organisasjonsutvikling og omstillingar, og på grunnlag av empiri gjere reie for kva verksemder kan gjere for å lukkast med omstillingar ut frå nærare oppgjevne kriterier.
  • Gjere reie for individuelle føresetnader for åtferd i organisasjonar.

Ferdigheiter

Studenten kan..

  • Reflektere over og presentere sentrale teoriar og modellar for kommunikasjon og danning og utvikling av grupper/team
  • Reflektere over og presentere sentrale Stress-teoriar og kunne diskutere korleis verksemder og tilsette på ein best mogleg måte kan mestre stress.
  • Reflektere over og presentere sentrale teoriar, modellar og omgrep som gjeld leiing i organisasjonar
  • Reflektere over og presentere sentrale empiriske funn som gjeld forløparar og konsekvensar av leiing
  • Reflektere over og presentere sentrale teoriar og modellar som gjeld konfliktar
  • Reflektere over og presentere modellar og omgrep som gjeld organisasjonskultur, inklusive kva som kjenneteiknar funksjonelle organisasjonskulturar og utvikling av slike kulturar
  • Reflektere over og presentere sentrale metodar for utvikling og omstillingar av organisasjonar og organisasjonslæring.
  • Reflektere over og presentere sentrale metodar for utvikling av leiarar, organisasjonslæring og utvikling og omstillingar av organisasjonar
  • Reflektere rundt individuelle føresetnader si tyding for åtferd i organisasjonar.
  • Analysere konkrete situasjonar, slike som interpersonlege konfliktar, med utgangspunkt i organisasjonspsykologiske modellar og omgrep.

Generell kompetanse

Studenten kan

  • Identifisere og reflektere over sentrale problemstillingar som gjeld utvikling av leiarar, grupper/team og organisasjonar
  • Identifisere og reflektere over tydinga av stress i organisasjonar, og korleis versemder og tilsette skal forhalde seg til stress i eiga verksemd
  • Identifisere og reflektere over sentrale problemstillingar som gjeld forløparar, utvikling og konsekvensar ar konfliktar, samt handtering av slike i organisasjonar
  • Reflektere over tydinga av individuelle , leiar-, gruppe- og organisasjonsrelaterte kjenneteikn si tyding for individuell åtferd i organisasjonar og organisasjonslæring
  • Tileigne seg forskingsbasert kompetanse som gjeld utvikling av medarbeidarar, leiarar, grupper/team og organisasjonar , og korleis slik utvikling best kan gjennomførast i gjevne kontekstar
  • Kommunisere organisasjonspsykologiske problemstillingar, analyser og konklusjonar.

Studienivå (studiesyklus)

Lågare grad

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
PSYK110=15 studiepoeng i reduksjon
PSYK103=15 studiepoeng i reduksjon
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga er organisert som førelesningar og føregår som tre helgesamlingar kvar på 16 timar. I tillegg vert studentane inviterte til å arbeide med ymse typar materiell og oppgåver mellom samlingane. Alle får tilbod om tilbakemelding på ei oppgåve i løpet av emnet.
Vurderingsformer
Eksamen består av ein sju dagars skriftleg heimeeksamen
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Vår og haust
Litteraturliste
Studentane må lese kring 1200 valt litteratur for å oppnå læringsutbytte.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Institutt for samfunnspsykologi
Emneansvarleg
Institutt for samfunnspsykologi
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet
Krav til forkunnskapar
Ingen
Vurderingsform
Eksamen består av ein sju dagars skriftleg heimeeksamen
Kven kan delta
Emnet er reservert vidareutdanningsstudentar (EVU)