Hjem

Etter- og videreutdanning

Etter- og videreutdanning

Operativ psykologi 1

Beskrivelse

Kurset Operativ psykologi 1 presenterer nyare norsk og internasjonal forsking om korleis menneskelege faktorar spelar ei viktig rolle i operative situasjonar der liv, helse eller grunnleggjande verdiar er truga. Gjennom systematiske studiar av profesjonelle operatørar i militære og sivile operasjonar har ein dei seinare åra fått ny kunnskap om psykologiske prosessar som påverkar situasjonsforståing, beslutningstaking og atferd i kritiske situasjonar.

Målgruppe

Kunnskap om operativ psykologi vil vere relevant både i militære og sivile samanhengar. Psykologiske forhold vil påverke operasjonar og samhandling i typiske innsatstyrkar som forsvar, politi, sivilforsvar, brann- og redningsteneste og humanitært innsatsarbeid. Det inkluderer også menneskeleg samhandling i kontrollrom, på fartøy, installasjonar offshore, og andre situasjonar der menneske aktivt må intervenere for å sikre liv, helse eller verdiar.

Undervisning

Studiet er samlingsbasert med 4 samlingar à 2 dagar (totalt 48 undervisningstimar) i perioden oktober - mars.

Det er obligatorisk oppmøte på minimum 3 av 4 samlingar.  

Vurdering / eksamen

Skriftleg heimeeksamen på ei veke, der studentane skal identifisere og drøfte psykologiske faktorar som kan ha innverknad på utfallet av en gitt operativ situasjon (oppgitt case). Det vert nytta gradert karakterskala: A-F.

Opptaks- og forkunnskapskrav

Søkjarar over 25 år blir tekne opp på grunnlag av generell studiekompetanse eller realkompetanse, som du ikkje treng dokumentere. Søkjarar under 25 år må dokumentere generell studiekompetanse (GSK).

Du lastar opp eventuell dokumentasjon undervegs i søknadsprosessen.

Anbefalte forkunnskaper

Erfaring frå operativt yrke.

Tilbud om studieplass

Det er 25 studieplassar på dette kurset. Søkjarar vert tekne opp kronologisk etter søknadsdato.

Kontakt

Kontakt

For spørsmål om søknad og opptak:

UiB Videre
55 58 20 40
videre@uib.no

For spørsmål om fagleg innhald:

Det psykologiske fakultet
v/ Arne Magnus Morken
55 58 90 80
evu@psyfa.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen

Tilgjengelege kurs

Ingen tilgjengelege kurs