Hjem

Etter- og videreutdanning

Etter- og videreutdanning

Sorgutdanning

Beskrivelse

Sorgutdanninga er ei vidareutdanning på deltid over to år som skal gje studentane betre kunnskapar om sorg i møte med menneske som har opplevd tap. Utdanninga tek for seg teori rundt vanleg- og komplisert sorg, og skal gi evidens- og erfaringsbasert kunnskap om intervensjon og behandling av sorg. Praksisnær undervisning og øvingar skal gjere studentane i stand til å hjelpe enkeltpersonar, familiar og lokalsamfunn som er i sorg.

Sorgutdanninga er utvikla i samarbeid med Senter for Krisepsykologi, som no er er ein del av det psykologiske fakultet ved UiB.

Sentrale tema i studiet:

  • Historisk utvikling på sorgområdet
  • Helsemessige konsekvensar ved sorg
  • Vanlege og kompliserte sorgreaksjonar hos barn og vaksne
  • Kulturelle variasjonar i sorg
  • Familieaspekt ved sorg
  • Samspelet mellom sorg og traumer
  • Tidleg intervensjon ved normal sorg
  • Terapeutiske arbeidsmetodar ved kompliserte sorgreaksjonar

Sjå emnebeskrivelsen for utfyllande omtale av mål og innhald i utdanninga.

Det er 40 studieplassar på dette studiet.

Målgruppe

Utdanninga rettar seg mot yrkesgrupper som i sitt daglege virke møter menneske i sorg, først og fremst helsepersonell, prestar, psykologar og spesialpedagogar.

Undervisning

Undervisninga går på deltid over fire semester/to år, med ei 4-dagars studiesamling i Bergen kvart semester.

Undervisninga er lagt opp med forelesningar, lærarinstruerte øvingar, litteraturstudium, bruk av videodemonstrasjonar og oppgåveskriving. Det vert lagt vekt på varierte metodar med rom for eigenaktivitet, refleksjon og diskusjon.

Studiesamlingar 2018-2020:

1. samling 5. - 8. november 2018
2. samling 6. - 9. mai 2019
3. samling 4. - 7. november 2019
4. samling 6. - 9. mai 2020

Tidspunkt:
Mandagar kl 10.00 - 17.00
Tirsdagar-Onsdagar: 09.00 - 17.00
Torsdagar: 09.00 - 16.00

Vurdering / eksamen

Innlevering av kasusanalyse som skal godkjennast av utdanningsleiar. Studentane vil få utlevert eit sett med kasus, der de skal velje eitt. De vil bli bedne om å nytte kunnskap frå videreutdanninga til å reflektere kring si eiga rolle, fokus og oppgåver i møte med kasuset ein har vald. Omfanget på analysen vil vere maks 5000 ord. Innlevering innan 14 dagar etter at kasus er utlevert.

Obligatoriske arbeidskrav

80 % obligatorisk deltaking på førelesingar og lærerinstruerte øvingar. Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjent før innlevering av kasusanalyse.

Opptaks- og forkunnskapskrav

Grunnutdanning som psykolog, lærar, prest, politi, førskole-/barnehagelærar, spesialpedagog, sjukepleiar, teolog eller andre helsefaglege utdanningar (vernepleiar og hjelpepleiar, sosionom og barnevernspedagog).

Du lastar opp nødvendig dokumentasjon undervegs i søknadsprosessen.

Kontakt

Kontakt

For spørsmål om søknad og opptak:

UiB Videre
55 58 20 40
videre@uib.no

For spørsmål om fagleg innhald:

Fagleg ansvarleg professor Atle Dyregrov
55 59 61 80 / 90 55 20 77
atle@krisepsykologi.no

Det psykologiske fakultet
v/ Arne Magnus Morken
55 58 90 80
evu@psyfa.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Kasusanalyse

Tilgjengelege kurs

Haust 2018
Pris: NOK 16000
Søknadsfrist: Frist utløpt