Pandemi og krisepsykologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Kurset skal gje deltakarane ein grunnleggande innføring og praktisk nyttige kunnskap innan krisepsykologi og pandemi, basert på kliniske erfaringar og forsking som kan jamførast med deltagaranes sine personlege erfaringar med Covid-19 pandemien.

Kurset har følgande innhald:
Tema 1 - tar føre seg korleis menneske reagerer på kriser, belastningar og uventa livshende som ein pandemi.
Tema 2 - fokuserer på meistring, tilpassing og betydinga av personalomsorg og leiing under ein pandemi.
Tema 3 - omhandlar utfordringar og reaksjonar hos spesielt utsette grupper og ulike støttetiltak som kan fremje konstruktiv meistring.
Tema 4 - siktar mot fagleg integrasjon av de første samlingane og korleis ein pandemi påverkar familie, fritid og sosialt liv - gje rom for refleksjon over deltakaranes personlege erfaringar frå pandemien.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten ..
- kan skildre teoriar om krisereaksjonar generelt og reaksjonar på ein pandemi spesielt
- kan formidle kunnskap om psykologiske reaksjonar og aktuelle hjelpetiltak under og etter ein pandemi

Ferdigheiter

Studenten ..
- kan identifisere stressreaksjonar og risikofaktorar under ein pandemi
- kan bidra til å etablere ein god praksis for å ivareta medmenneske og kollegaer på sin eigen arbeidsplass i en pandemisituasjon
- kan identifisere etterverknadar og langtidskonsekvenser på samfunn og folkehelse etter å ha levd med pandemi over tid
- kan nytte erfaringar frå tidlegare pandemiar i møte med framtidige kriser
- kan finne, vurdere og nytte fagstoff om pandemi og krisepsykologi for å utdjupe faglege problemstillingar
- kan meistre formelle og faglege krav til formidling av eit fagleg arbeid

Generell kompetanse

Studenten ..
- kan drøfte faglege og etiske problemstillingar som kan oppstå når ein skal legge til rette psykososiale støttetiltak under ein pandemi
- kan nytte og samstundes være klar over grensene for eigen kunnskap
- kan kommunisere om faglege problemstillingar med andre fagpersonar
- kan anvende fagkunnskapen på området og bidra i tverrfaglege kollegagrupper

Fulltid/deltid

Deltid

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust eller vår, emnet går over eitt semester
Kurset er avlyst for høsten 2022

Undervisningsstad

Senter for krisepsykologi, digitalt
Krav til forkunnskapar
Generell studiekompetanse
Tilrådde forkunnskapar
Ingen spesielle forkunnskaper er krevd
Studiepoengsreduksjon
Emnet vil gje 100% reduksjon i høve til emna PSYK 649A/B
Krav til studierett
Emnet er ope for inntil 36 studentar med allmenn studiekompetanse (EVU).
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er organisert med fire digitale tema-samlingar.

Undervisninga vekslar mellom førelesingar, gruppediskusjonar (via «breakout rooms» i zoom) og individuelle oppgåver.

Førelesingane fungerer som introduksjon til kvart emne, og vil gi oversikt over sentrale områder som kan nyttast i dei vidare diskusjonane.

Mitt UiB vil bli nytta som læringsplattform.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- Nettbasert undervisning, deltaking på minimum 3 av 4 samlingar.
- Quiz etter kvar samling
- Refleksjonsnotat (1500-2000 ord)
- Individuell oppgåve over sjølvalgt emne (omlag 3000 ord)

Alle obligatoriske aktiviteter må være gjennomført i samme semester.

Vurderingsformer
Emnet er bestått når alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent av faglærar.
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Haust eller vår, vurdering i same semester som det gis undervisning.
Litteraturliste
Kurset vil ha ei litteraturliste på ca. 650 sider totalt.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no.
Programansvarleg
Senter for krisepsykologi
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet