Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Pandemi og krisepsykologi

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Deltid

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Senter for krisepsykologi, nettbasert

Mål og innhald

Mål:
Kurset skal gje deltakarane ein grunnleggande innføring og praktisk nyttige kunnskap innan krisepsykologi og pandemi, basert på kliniske erfaringar og forsking som kan jamførast med deltagaranes sine personlege erfaringar med Covid-19 pandemien.

Innhald: Kurset har eit 3-delt innhald:
Tema 1: tar føre seg korleis menneske reagerer på kriser, belastningar og uventa livshende som ein pandemi.

Tema 2: omhandlar utfordringar og reaksjonar hos spesielt utsette grupper og ulike støttetiltak som kan fremje konstruktiv meistring.

Tema 3: fokuserer på meistring, tilpassing og betydinga av personalomsorg og leiing under ein pandemi.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten ..

  • har kunnskap om sentrale tema og teoriar om krisereaksjonar generelt, og reaksjonar på en pandemi spesielt
  • kjenner til forskings og utviklingsarbeid på psykologiske reaksjonar på ein pandemi, og aktuelle støttetiltak i høve til slike reaksjonar, både på individuelt og samfunns messig nivå.
  • har kunnskap om reaksjonar på tidligare pandemiar, og korleis denne kunnskapen kan videreutviklast.

Ferdigheiter

Studenten ..

  • kan kjenne igjen og forstå naturlige stressreaksjonar og risikofaktorar hos barn og vaksne som opplever ein pandemi.
  • kan anvende kunnskapen til å identifisere og påverke slike reaksjonar.
  • kan formidle kunnskap om psykologiske reaksjonar og mulige hjelpetiltak både skriftlig og munnleg.
  • kan bidra til å etabler ein god praksis for ivaretaking av menneske som opplever ein pandemi på sin eigen arbeidsplass, eller i nye arbeidssamanhengar.
  • kan finne, vurdere og syne til informasjon om fagstoff på området og nytte dette slik at det utdjupar faglege problemstillingar.

Generell kompetanse

Studenten ..

  • har innsikt i faglige og etiske problemstillingar som kan oppstå når ein arbeider med psykososiale støtte- tiltak under ein pandemi.
  • kan nytte samstundes være klar over grensene for eigen kunnskap.
  • kan kommunisere om faglege problemstillingar med andre fagpersonar og bidra til utvikling av god praksis.
  • kjenner til ny utvikling og innovasjon på området, til dømes data- teknologi, video- veiledning o.l.
  • kan anvende fagkunnskapen på området og bidra i tverrfaglige kollegagrupper

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse

Krav til studierett

Emnet er ope for inntil 25 studentar med allmenn studiekompetanse (EVU).

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga er organisert med 3 emner som alle vert gjennomførde over 6 veker. For kvart emne er det ein dag med nettbasert undervising. Denne undervisninga vekslar mellom førelesingar, gruppediskusjonar (via breakup rooms i zoom) og individuelle oppgåver. Førelesingane fungerer som introduksjon til kvart emne, og vil gi oversikt over sentrale områder som kan nyttast i dei vidare diskusjonane og individuelle oppgåvene.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

80% obligatorisk deltaking i nettbasert undervisning.

Vurderingsformer

Det er lagt opp til vurdering på 3 nivå:

    1. Alle deltakearar må bestå et refleksjonsnotat eller quiz knytt til det faglige innhaldet for kvar modul/tema
    2. For deltakarar som berre ynskjer kursbevis er bestått på punkt 1 nok.
    3. For dei som ynskjer 5 studiepoeng vil det i tillegg bli ein heimeeksamen over 1 veke baser på eit case
    4. Det er også mogleg å ta PSYK649C i tillegg til PSYK649B. Du får då 10 studiepoeng (5+5) og då må pkt. 1 og 3 vere bestått¿ og i tillegg må det leverast ei skriftleg oppgåve på 3000 ord om eit emne som er relevant for fagområdet.

Karakterskala

Bestått/ ikkje bestått

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Hjemmeeksamen

    Oppgave utleveres
    12.03.2021, 12:00
    Innleveringsfrist
    22.03.2021, 12:00
    Trekkfrist
    26.02.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen