Hjem
Studentsider
Masteremne

Komplisert sorg: teori og behandling

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodePSYK650
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

Emnet har eit omfang på 15 studiepoeng og går over to semester.

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår eller vår og haust

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen, alternativt digital undervising

Mål og innhald

Emnet har som mål at studentane skal tileigna seg inngåande forskningsbasert og praksisnær kunnskap om ulike former for komplisert sorg og korleis desse kan behandlast

Innhald:

Studiet tek opp tema som teoriar om komplisert sorg, kartleggingsverkty, diagnostikk og behandling/rådgjeving. Studiet vil inngåande belysa sorg etter brå død og traumatiske hendingar

Læringsutbyte

Kunnskap

Ved fullenda emne skal studentane:

¿ Ha inngåande kunnskap om ulike typar komplisert sorg hos barn og vaksne ¿ Kunne gjera greie for skiljet mellom traume og sorg ¿ Kunne gje ei utfyllande forklaring for ulike forståingsmodellar for kompliserte sorgreaksjonar og risiko- og vernfaktorar  Ha kunnskap om førebyggande strategiar ¿ Ha avansert kunnskap om intervensjonar for kompliserte sorgreaksjonar som rettar seg mot individet, par, familiar og grupper Ferdigheter Ved endt emne skal studentane kunna ¿ Ha attkjenningskompetanse  ¿ Bruke av screeninginstrumenter i diagnostisk øyemed (både komplisert sorg hos barn og vaksne) ¿ Ha kjennskap til sentrale differensialdiagnostiske vurderingar og utfordringar Generell kompetanse Ved fullenda emne skal studentane kunna  ¿ Kommunisere om feltet komplisert sorg med fagpersonar og til allmenta ¿ Anvende kunnskapen på nye klientar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Deltakarane må ha minst 3-årig helse eller sosialfagleg utdanning eller fullført og bestått PSYK648 Sorg: forståing, støtte og tiltak

Studiepoengsreduksjon

Ikkje aktuelt

Krav til studierett

Emnet er ope for inntil 25 studentar med studierett på masternivå. (EVU)

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga går over to semester og er lagt til tre samlingar à to dagar. Samlingane vekslar mellom bruk av forelesning, lærerinstruerte øvingar, litteraturstudiar, bruk av videodemonstrasjonar og oppgåveskriving. Det blir lagt vekt på at metodane skal vera varierte, med gode moglegheiter for eigenaktiviteter, refleksjon og diskusjon

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Mellom samlingane vil det bli gitt moglegheit for å senda inn og få tilbakemelding på skriftlege oppgåver.  Det er eit krav for å kunna gå opp til eksamen at ein har sendt inn minimum ei oppgåve

Vurderingsformer

Hjemmeeksamen over 10 dager med innlevering av oppgave på 3000 ord (+/- 10%).

Hjelpemiddel til eksamen

Alle hjelpemidlar

Karakterskala

Bokstavkarakterer A-F

Vurderingssemester

Vår eller haust

Litteraturliste

Litteraturlisten er på ca 800 sider. Litteraturlisten vil vera klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultetet sine rutinar for deltakande evaluering og UIB sitt kvalitetssikringssystem

Programansvarleg

Senter for krisepsykologi ved Det psykologiske fakultet

Emneansvarleg

Senter for krisepsykologi ved Det psykologiske fakultet

Administrativt ansvarleg

Senter for krisepsykologi ved Det psykologiske fakultet

Kontakt

Senter for krisepsykologi ved Det psykologiske fakultet

evu.psyfa@uib.no