Hjem
Studentsider
Masteremne

Masteroppgåve

  • Studiepoeng30
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodePSYK680
  • Talet på semester2
  • SpråkSkandinavisk og engelsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

30 stp.

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Deltid

Undervisningssemester

Haust og vår, emnet går over to semester

Undervisningsstad

Digitalt

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål at studentane skal dokumentere at dei kan gjennomføre eit forskingsarbeid som held høg vitskapeleg standard.

Innhald:

Masteroppgåva er eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid (teoretisk eller empirisk) over eit vald tema innan krisepsykologi som vert gjennomført under fagleg rettleiing.

Læringsutbyte

Kunnskap

Ved fullført emne skal studenten:

- ha inngåande kunnskap om temaet masteroppgåva handlar om

- ha avansert kunnskap om å gjennomføre eit vitskapeleg prosjekt

- ha inngåande kunnskap om forskingsetikk


Ferdigheiter

Ved fullført emne skal studenten kunne:

- formulere ein presis problemstilling for ein vitskapeleg studie

- velje ut og vurdere kritisk faglitteratur som er relevant for problemstillinga

- velje adekvat forskingsmetode

- presentere forskingsresultat på ein klår og presis måte og i høve til APA-standard


Generell kompetanse

Ved fullført emne skal studenten kunne:

- sette seg inn i nye problemstillinger

- analysere og vurdere fagkunnskap kritisk

- formidle resultat frå psykologisk forsking

- gjennomføre eit sjølvstendig forskningsprosjekt

Krav til forkunnskapar

Opptak til Erfaringsbasert masterprogram i krisepsykologi.
Gjennomført og bestått:
PSYK643/Krise- og katastrofepsykologi
eitt spesialiseringsemne 15 stp,
PSYK676/Tverrfagleg teamarbeid i krisepsykologi
PSYK678/Vitskapelege forskingsmetodar

Krav til studierett

Bachelorgrad eller tilsvarande. I tillegg 2 års relevant arbeidserfaring.

Gjennomført og bestått:
PSYK643 Krise- og katastrofepsykologi
eitt spesialiseringsemne 15 stp,
PSYK676/Vitskapelege forskingsmetodar
PSYK678/Tverrfagleg teamarbeid i krisepsykologi

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisinga vert gjeve i form av rettleiing og fellesseminar med inntil 30 timer per oppgåve.

Rettleiinga er regulert gjennom ein nærare spesifisert rettleiingsavtale.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Skriftleg prosjektskildring.
Innlevering av rettleiarkontrakt.
Deltaking i fellesundervisning.

Vurderingsformer

Oppgåve.
Mastergradsoppgåva skal skrivast i tråd med APA-standarden, med enten halvanna eller dobbel linjeavstand og med mindre figurar og tabellar inne i teksten heller enn på slutten. Omfanget bør vere mellom 12 000 og 16 000 ord. Forord, samandrag, referanseliste og appendiks kjem i tillegg. Oppgåva skal skilje seg frå artikkelforma ved at innleiinga har ein breiare gjennomgang av litteraturen og ein meir omfattande presentasjon av bakgrunn og problemstillingar enn det som kjenneteiknar artikkelformatet. Like eins skal diskusjonen vere meir inngåande enn det som er vanleg for artikkelformatet. Oppgåva kan skrivast på norsk eller engelsk. Det skal vere eit samandrag på norsk og på engelsk, kvart på om lag 200 ord.

Som hovudregel skal studentane skrive masteroppgåve to eller tre saman. Forfattarane skal medverke med likeverdig innsats i arbeidet. Det skal ved innlevering av masteroppgåva leverast eit skjema med "erklæring av eigenarbeid i masteroppgåvearbeidet", signert av både kandidatar og rettleiar.

Masteroppgåva vert sensurert av minst to sensorar der minst ein skal være ekstern.
Det blir sett ein felles karakter for alle kandidatar som skriv oppgåve saman.

Karakterskala

Bokstavkarakter, A-F

Vurderingssemester

Vår, i samme semester som undervisning

Litteraturliste

Det er forventa at studenten sjølvstendig søkjer fram, tileignar seg og arbeider med relevant litteratur for masteroppgåva.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Senter for krisepsykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen