Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Introduksjon til petroleum- og prosessteknologi

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet skal formidle forståing for korleis olje og gass blir danna, funne, utvunne, transportert og prosessert

Innhald:

Emnet inneheld to delar. Petroleumsdelen omtalar grunnleggande geologi, hydrokarbonsystem, innføring til petroleumsleiting, strøymningseigenskapar for olje og gass, og produksjonsteknologi. Prosessteknologidelen omtalar gassprosessering og -transport, instrumentering, prosessikkerheit og fleirfaseteknologi. Ekskursjon til Hydro Sandsli, Mongstad og Kollsnes.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har fått kunnskapar om:

· grunnleggjande geologi, hydrokarbonsystem, petroleumsleiting, produksjonsteknologi og strøymingseigenskapar for olje og gass i eit porøst medium

· beskrive transport- og prosessanlegg for olje og gass, med vekt på instrumentering, fleirfase, separasjon og sikkerheitsteknologi

Ferdigheiter

Studenten kan løyse oppgåver relatert til å:

  • rekne ut hydrokarboninnhald og produksjonskapasiteten til eit enkelt reservoar ved hjelp av ein enkel analytisk reservoarmodell
  • rekne på enkle problem innanfor strøyming i rør (med Bernulli's ligning) og varmeoverføring

Generell kompetanse

Studenten har fått

  • auka refleksjonsevne og innsikt i korleis fysikk brukas i olje- og gass er produksjon
  • kunnskapar av nytteverdi for andre fagområde innan naturvitskap
  • trening i å arbeide systematisk og analysere komplekse problem

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Matematikk 1+2, Fysikk 1 og Kjemi 1.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga gis i form av: førelesningar og ekskursjoner

Aktivitet/ 4 timar pr. veke plus to timar til øvelser i 5 veker og to hele dager til ekskursjoner

Obligatorisk undervisningsaktivitet

3 øvingar og 2 ekskursjonar. Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i 7 semester (undervisningssemesteret + 6 påfølgande semester).

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:
  • Skriftleg flervalgseksamen (2 timar), utgjør 100% av karakteren.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

Ingen

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kun i haust semester.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygning og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarlig og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studiekonsulenten på instituttet.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/Institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her: studieveileder.ppt@ift.uib.no

Tlf: 55 58 28 64

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    17.12.2019, 09:00
    Varigheit
    2 timer
    Trekkfrist
    03.12.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen