Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Reservoarteknikk II

Undervisningssemester

Høst

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir ei grunnleggjande innføring i metodane som brukast for å utvinne petroleum på norsk sokkel. Emnet gir også ei innføring i ukonvensjonelle metodar som kan ha eit potensial for å auke utvinningsgraden frå petroleumsfelta.Tema som blir tatt opp er: Petroleum fluideigenskapar, PVT-analyser, fasediagram, diffusjon og dispersjon, reservoar monitorering, og auka oljeutvinning.

Læringsutbyte

Ved fullført emne PTEK213 skal studenten kunne:

  • beskrive særtrekk ved petroleumsfelta på norsk sokkel med tanke på reservoareigenskapar og fluideigenskapar
  • beskrive kritiske parameter som har betydning for utvinning av petroleum
  • anvende analytiske modellar (dynamiske og statiske) for å få kunnskap om dei fysiske og kjemiske prosessane som er relevante for utvinningsgraden
  • utføre reservoartekniske utrekningar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

KJEM210, PTEK211, PTEK212

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1 obligatorisk øving. Den obligatoriske øvinga er gyldige i 3 semester (undervisningssemesteret + 2 påfølgande semester).

Obligatorisk øving må leverast innan fastsett frist for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen (4 t). Dersom få oppmeldte kan det bli munnleg eksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

Ingen

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studieveileder@kj.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Munnleg eksamen

    Trekkfrist
    01.11.2018
  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    11.12.2018, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    27.11.2018
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen