Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Eksperimentelle metodar i reservoarfysikk

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodePTEK214
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar.
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål og innhald

Målet med emnet er å kjenne til eksperimentelle metodar innan reservoarfysikk og sjølvstendig kunne utføre eksperiment for måling av fysiske storleikar som er viktige for produksjon av hydrokarbon og lagring av klimagassar. I laboratorieøvingar lærer ein å utføre kjerneanalyse for å måle porøsitet, permeabilitet, fluidfortrenging og -lagring, kapillartrykk, relativ permeabilitet og fuktpreferanse i porøse bergartar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kjennskap til ulike eksperimentelle metodar innan reservoarfysikk.
  • kjenner til fundamentale eigenskapar ved reservoarbergartar og fluid.
  • kan forklare ulike parameterar sin innverknad på strøyming, produksjon og lagring av fluid i porøse bergartar.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan måle eigenskapane til porøse bergartar relatert til energiproduksjon- og lagring.
  • kan utføre eksperiment for å bestemme produksjon og lagringskapasitet i kjerneprøvar.
  • tolke eksperiment med fleirfasestraum i porøse bergartar.
  • gjennomføre kjerneanalyse på eiga hand.

Generell kompetanse

Studenten

  • ivaretar HMS i laboratoriearbeid, og har kompetanse om personleg verneutstyr og handtering av kjemikaliar og utstyr.
  • kan handtere og analysere eksperimentelle måledata.
  • kan skrive ein vitskapeleg rapport.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

PTEK211

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av forelesingar og laboratorieøvingar.
Forelesingar, 2 timar i veka i 10 veker.

Laboratoriearbeid, 4 timar i veka i 4 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte på forelesingar og laboratorieøvingar.

Laboratorierapportar.

Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i 2 påfølgjande semester etter godkjenninga.  

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Laboratorierapportar, 50 % av karakteren
Munnleg eksamen, 50 % av karakteren

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil være klar 1. desember for vårsemesteret

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Emneansvarleg

EMneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder.ppt@ift.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Eksamensinformasjon