Hjem
Studentsider
Masteremne

Eksplosjonsfarar i prosessindustrien

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodePTEK250
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål
Emnet gjev ein oversikt over eksplosjonsfarar i prosesstindustrien og utvalde energisystem. Undervisninga vektlegg forståing for fysiske fenomen og risikoreduserande tiltak.

Innhald
Emnet introduserer grunnleggjande konsept, termar og fenomen relatert til eksplosjonar i industrien, som til dømes fysiske og kjemiske eksplosjonar, samt prinsipp for aktiv og passiv førebygging og skadeavgrensing av eksplosjonsulykker. Undervisninga legg vekt på læring frå eksplosjonsulykker.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

  • diskutere kriteria for klassifisering av eksplosjonsfenomen basert på fysiske og kjemiske prosessar

beksrive tennings- og forbrenningsfenomen i gassar, væsketåker, støvskyer, fyrverkeri, drivstoff (til dømes krut) og eksplosivar

  • forklara metodar for aktiv og passiv førebygging og skadeavgrensing av eksplosjonar
  • forklara prinsippa for klassifisering av eksplosjonsfarlege område
  • forklara prinsippa for design av elektriske apparat for bruk i eksplosjonsfarlege område
  • beskrive hendingsgong og læring frå utvalde eksplosjonsulykker
  • illustrera stega som inngår i risikoanalyse og risikostyring for eit system

Ferdigheiter

Studenten kan

  • diskutera relventa metodar for å verna ei industriell verksemd eller eit energisystem mot eksplosjonar, til dømes med å vise til tidlegare eksplosjonsulykke i liknande system
  • utføra enkle laboratorieeksperiment med gass- og støveksplosjonar
  • gje ei klar munnleg framstilling av løysingar på relevante oppgåver

Generell kompetanse

Studenten kan

  • identifisera relevante eksplosjonsfarar for eit gitt system
  • føreslå passande risikoreduserande tiltak for eit gitt system
  • kombinera ulike prinsipp for eksplosjonsvern for eit gitt system

Krav til forkunnskapar

PTEK202

Tilrådde forkunnskapar

PHYS111, PHYS112, KJEM110, KJEM210/PHYS113, PTEK252 (kan takast samstundes)

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av førelesningar, gruppeøvingar og laboratorieøvingar

Førelesningar. to timar per veke

Gruppeøvingar: to timar per veke

Laboratorieøvingar: fire obligatoriske øvingar

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga gis i form av førelesningar og laboratoriearbeid

Aktivitet/ 4 timar pr. veke

Aktivitet/ 13 veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte på laboratorieøvingar (4 av 4)

Godkjent laboratorierapport (4 av 4). Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i 2 påfølgande semester etter godkjenninga.

Vurderingsformer

Muntlig eksamen, utgjør 100% av karakteren. Dersom mange studenter deltek kan eksamen bli skriftleg (4 timer).

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

Ingen

Vurderingssemester

Det er eksamen berre i haustsemesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for faglig innhold og oppbygning av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emner der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studiekonsulenten på instituttet.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/Institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Studieretleiar kan kontaktast her: studieveileder.ppt@ift.uib.no

Tlf: 55 58 28 64

Eksamensinformasjon