Hjem
Utdanning
Masteremne

Forbrenningsfysikk

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet skal formidle forståing for forbrenning som fysisk fenomen relatert til sikkerheit, energiproduksjon og miljø.

 

Innhald:

Emnet tar opp tema som eksperimentell skildring av forbrenning, termodynamisk grunnlag, kjemisk likevekt og kinetikk, flammetemperatur, grunnlikningar og modellar for transport av stoff og varme. Tenning og kveling, laminere og turbulente forblandede flammar og diffusjonsflammar, dråpe og støv forbrenning, forbrenningsmodellar, danning av forureina komponentar, brannar, modellering av gass eksplosjonar og berekning av eksplosjonar med CFD simulatoren FLACS

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • Kan forklare fenomen, omgrep og teoriar relatert til forbrenning av gassar, væsker og partiklar
  • Kan beskrive forblande og uforblandet forbrenning, med og uten turbulens.
  • Kan drøfte korleis forureina komponentar som NOx og sot blir danna og kan avgrensast

Ferdigheiter

Studenten

  • Kan rekne ut adiabatisk flammetemperatur
  • Kan bruke transportlikningar til å beskrive forbrenning i numeriske modellar

Generell kompetanse

Studentene..

* Kan anvende grunnleggende matematiske modeller til å beskrive forbrenning

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

PTEK202, PTEK203

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitenskaplege fakultetwww.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga gis i form av førelesningar og øvingar

Aktivitet/ 4 timar pr. veke

Aktivitet/ 15 veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk innlevering av øvingar (6 av 9).

Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i 2 påfølgande semester etter godkjenninga.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
  • Skriftleg midterm eksamen , utgjør 25 % av karakteren.
  • Muntleg eksame), utgjør 75 % av karakteren. Dersom mange studenter deltek kan avsluttande eksamen bli skriftleg (4 timar)

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator tillatt i samsvar med modeller angitt i fakultetets regler.

Tillatte kalkulatormodeller inkluderer: Casio fx-82ES PLUS and Casio fx-82EX

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

Ingen

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studiekonsulenten på instituttet.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her: studieveileder.ppt@ift.uib.no

Tlf: 55 58 28 64

Eksamensinformasjon