Hjem

Utdanning

Masteremne

Integrerte operasjonar innan boring og produksjon

Undervisningssemester

Haust, undervisninga kan bli avlyst ved lavt studenttal.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gi ei innføring i viktig omgrep, metodar og dataverktøy i sanntids reservoar- og produksjonsstyring. I emnet vil ein og gå gjennom prinsippa og teknikken bak brønnboring, retningsboring og plassering av brønnbanen med tanke på optimalisering av produksjonen. For å oppnå dette blir det lagt inn øvingsoppgåver som blir løyst i grupper.

Læringsutbyte

Ved fullført emne PTEK311 skal studenten kunne:

  • drøfte korleis reservoar- og produksjonsingeniøren sine verktøy og arbeidsoppgåver blir endra gjennom å kombinere datamodellar, sanntidsinstrumentering og nye arbeidsprosessar
  • forklare sentrale element som datafiltrering, datakomprimering og presentasjon, samt vekselverknaden mellom automatisk brønntestanalyse, decline-curve-analyse, materialbalanse og sanntidsdata for reservoar- og produksjonsstyring
  • forklare prinsippa bak brønnboring, petrofysiske målingar under boring, retningsboring og geostyring
  • drøfte korleis samhandlingsteknologi gjer det mulig å integrere ulike disiplinar for fjernstyrt operasjon og presisjonsplassering av brønnbanen for optimalisering av produksjonsrate og levetida til brønnen
  • diskutere bruk av endringsleiing for å integrere disiplinar, teknologi og menneske i ein samhandlingsprosess

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Dei 4 første semestra i bachelorstudiet i petroleum- og prosessteknologi, samt PTEK213.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

4 obligatoriske øvelser og ekskursjon. Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i 3 semester (undervisningssemesteret + 2 påfølgande semester).

Vurderingsformer

Munnleg eksamen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

Ingen

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Litteraturliste

Kompendier og forelesingsnotat.

Emneevaluering

 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Munnleg eksamen

    Trekkfrist
    01.11.2018