Støveksplosjonar i prosessindustrien
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår, Haust
- EmnekodePTEK354
- Talet på semester1
- SpråkEngelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar.
- Ressursar
Studienivå (studiesyklus)
Master/Ph.d
Undervisningssemester
Vår. Om ikkje anna er avtalt med kursansvarleg må minst tre studentar vere påmeldt for at emnet skal undervisast.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Mål
Emnet gir ei oversikt over forskingsfronten på fagfeltet støveksplosjonar. Undervisninga vektlegg forståing for fysiske fenomen og prinsipp for risikoreduserande tiltak.
Innhald
Emnet beskriv tennings- og forbrenningseigenskapar for pulver og støv, metodar for førebyggings og skadeavgrensing for støveksplosjonar, læring frå støveksplosjonsulykker, samt metodar for testing av tennings- og forbrennings- og eksplosjoseigenskapane til støvlag og støvskyer.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse
Kunnskapar
Studenten kan
- skildre kroleis brennbare støvskyer vert danna
- diksutera fysiske fenomen knytt til fleirfasestrøyming i støvskyer
- skildre tennings- og forbrenningsfenomen i støvskyer
- diskutere flammeforplantningsmekanismar for ulike typar støv
- kategorisere metodar for førebygging og skadeavgrensing av støveksplosjonar
- diskutere hendingsgong og læring frå utvalde støveksplosjonsulykker
- forklare prinsippa for risikoanalyse og risikostyring i anlegg der støveksplosjonar utgjer ein fare
Ferdigheiter
Studenten kan
- forklare metodane som vert nytta for å måla tennings-, forbrennings-, og eksplosjonseigenskapane til støvprøvar
- diskutera relevante tiltak og metodar for å verna ei gitt industriell verksemd mot støveksplosjonar
- gi døme på tidlegare eksplosjonsulykker frå ulike industriar
- gjennomføra eit ltteraturstudium på utvalde aspekt knytt til støveksplosjonar
- gje ei munnleg framstilling av litteratrstudiet
Generell kompetanse
Studenten kan
- identifisere relevante støveksplosjonsfarar for eit gitt system
- foreslå passande risikoreduserande tiltak for eit gitt system
- kombinere ulike prinsipp for eksplosjonsvern for eit gitt system
Tilrådde forkunnskapar
PTEK241 kan takast samstudens
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram eller PhD-program ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.
www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetetwww.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga gis i form av sjølvstudium, seminar og obligatoriske litteraturstudium.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk litteraturstudium, minst 10 sider inkludert tittelside og referansar. Godkjent presentasjo av litteraturstudium, 30 minutt pluss spørsmål. Gogkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i to påfølgjande semester etter godkjenninga.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:- Muntlig eksame , utgjør 100% av karakteren.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studiekonsulenten på instituttet.
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet ved Institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontakt
Kontaktinformasjon
Studierettleiar kan kontaktast her: studieveileder.ppt@ift.uib.no
Tlf: 55 58 28 64
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Munnleg eksamen
- Trekkfrist
- 01.05.2021