Hjem
Studentsider
Masteremne

Støveksplosjonar i prosessindustrien

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodePTEK354
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar.
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master/Ph.d

Undervisningssemester

Vår. Om ikkje anna er avtalt med kursansvarleg må minst tre studentar vere påmeldt for at emnet skal undervisast.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål

Emnet gir ei oversikt over forskingsfronten på fagfeltet støveksplosjonar. Undervisninga vektlegg forståing for fysiske fenomen og prinsipp for risikoreduserande tiltak.

Innhald
Emnet beskriv tennings- og forbrenningseigenskapar for pulver og støv, metodar for førebyggings og skadeavgrensing for støveksplosjonar, læring frå støveksplosjonsulykker, samt metodar for testing av tennings- og forbrennings- og eksplosjoseigenskapane til støvlag og støvskyer.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse

Kunnskapar

Studenten kan

  • skildre kroleis brennbare støvskyer vert danna
  • diksutera fysiske fenomen knytt til fleirfasestrøyming i støvskyer
  • skildre tennings- og forbrenningsfenomen i støvskyer
  • diskutere flammeforplantningsmekanismar for ulike typar støv
  • kategorisere metodar for førebygging og skadeavgrensing av støveksplosjonar
  • diskutere hendingsgong og læring frå utvalde støveksplosjonsulykker
  • forklare prinsippa for risikoanalyse og risikostyring i anlegg der støveksplosjonar utgjer ein fare

Ferdigheiter

Studenten kan

  • forklare metodane som vert nytta for å måla tennings-, forbrennings-, og eksplosjonseigenskapane til støvprøvar
  • diskutera relevante tiltak og metodar for å verna ei gitt industriell verksemd mot støveksplosjonar
  • gi døme på tidlegare eksplosjonsulykker frå ulike industriar
  • gjennomføra eit ltteraturstudium på utvalde aspekt knytt til støveksplosjonar
  • gje ei munnleg framstilling av litteratrstudiet

Generell kompetanse

Studenten kan

  • identifisere relevante støveksplosjonsfarar for eit gitt system
  • foreslå passande risikoreduserande tiltak for eit gitt system
  • kombinere ulike prinsipp for eksplosjonsvern for eit gitt system

Krav til forkunnskapar

PTEK250, PTEK252

Tilrådde forkunnskapar

PTEK241 kan takast samstudens

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram eller PhD-program ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

 www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetetwww.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av sjølvstudium, seminar og obligatoriske litteraturstudium.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk litteraturstudium, minst 10 sider inkludert tittelside og referansar. Godkjent presentasjo av litteraturstudium, 30 minutt pluss spørsmål. Gogkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i to påfølgjande semester etter godkjenninga.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
  • Muntlig eksame , utgjør 100% av karakteren.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01 for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studiekonsulenten på instituttet.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet ved Institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her: studieveileder.ppt@ift.uib.no

Tlf: 55 58 28 64

Eksamensinformasjon