Støveksplosjonar i prosessindustrien
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodePTEK354
- Talet på semester1
- SpråkEngelsk, norsk om endast norskspråklege deltek.
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
10 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Vår.
Om ikkje anna er avtalt med Studieseksjonen eller kursansvarleg er det obligatorisk oppmøte på fyrste forelesning. Minst tre studentar må vere påmeldt for at emnet skal undervisast.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Mål
Emnet gir ei oversikt over forskingsfronten på fagfeltet støveksplosjonar. Undervisninga vektlegg forståing for fysiske fenomen og prinsipp for risikoreduserande tiltak.
Innhald
Emne skildrar tennings- og forbrenningseigenskapar for pulver og støv, metodar for førebyggings og skadeavgrensing for støveksplosjonar, læring frå støveksplosjonsulykker, og metodar for testing av tennings-, forbrennings- og eksplosjonseigenskapane til støvlag og støvskyer.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse
Kunnskapar
Studenten kan:
- skildra korleis brennbare støvskyer vert danna
- diksutera fysiske fenomen knytt til fleirfasestrøyming i støvskyer
- skildra tennings- og forbrenningsfenomen i støvskyer
- diskutera flammeforplantningsmekanismar for ulike typar støv
- kategorisera metodar for førebygging og skadeavgrensing av støveksplosjonar
- diskutera hendingsgong og læring frå utvalde støveksplosjonsulykker
- forklara prinsippa for risikoanalyse og risikostyring i anlegg der støveksplosjonar utgjer ein fare
Ferdigheiter
Studenten kan:
- forklara metodane som vert nytta for å måla tennings-, forbrennings-, og eksplosjonseigenskapane til støvprøvar
- diskutera relevante tiltak og metodar for å verna ei gitt industriell verksemd mot støveksplosjonar
- gi døme på tidlegare eksplosjonsulykker frå ulike industriar
- gjennomføra eit litteraturstudium på utvalde aspekt knytt til støveksplosjonar
- gje ei munnleg framstilling av litteraturstudiet
Generell kompetanse
Studenten kan:
- identifisere relevante støveksplosjonsfarar for eit gitt system
- foreslå passande risikoreduserande tiltak for eit gitt system
- kombinere ulike prinsipp for eksplosjonsvern for eit gitt system
Krav til forkunnskapar
PTEK250, PTEK252
Tilrådde forkunnskapar
PTEK241 (kan takast samstundes), PTEK251 (kan takast samstundes)
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om studierett knytt til eit Master- eller ph.d.-program ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga gis i form av sjølvstudium, seminar og eit obligatoriske litteraturstudium.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk litteraturstudium, minst 10 sider inkludert tittelside og referansar, og godkjend presentasjon av litteraturstudium.
Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i to påfølgjande semester etter godkjenninga.
Vurderingsformer
Munnleg eksamen, utgjer 100 % av karakteren.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er eksamen berre i vårsemesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.01 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studiekonsulenten på instituttet.
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet ved Institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontakt
Studierettleiar kan kontaktast her: studieveileder.ppt@ift.uib.no
Tlf: 55 58 28 64
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Munnleg eksamen
- Trekkfrist
- 01.05.2023