Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

CO2 fangst, -bruk og -lagring (CCUS)

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

3 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master/PhD

Undervisningssemester

Frå november 2020 til februar 2021

Undervisningsstad

Digital Canvas læringsplattformen Mitt UiB

Mål og innhald

Mål:
Emnet har som mål å gje studentane perspektiv rundt klima og energiomstilling og innsikt i sentrale og aktuelle tema innan karbonfangs, -bruk, og ¿lagring.

Innhald:
Verda står ovanfor tøffe klimautfordringar og energisituasjonen i verda er i rask endring. Skal vi nå FN-målet om påliteleg og berekraftig energi til alle er energiomstilling og reduksjon av CO2 -utslepp avgjerande. Korleis kan vi redusere CO2 -utslepp raskt nok? Kan teknologi for CO2-handtering bli ein del av løysinga på utsleppsutfordringa?

I dette kurset vil me diskutere desse spørsmåla og sentrale tema innan CO2 fangst, -bruk og -lagring (CCUS) der hovudmålet er å utvikle og forbetre teknologiar som bidreg til utsleppskutt.

Kurset vil gje eksempel på aktivitetar retta mot feltpilotar, der teknologiar som til dømes injeksjon av CO2 -skum i oljefelt og nye karbonnøytrale teknologiar for gassproduksjon har vist at industrien kan delta i CCUS også på eit kommersielt grunnlag. Ein anna interessant moglegheit som vil bli drøfta er produksjon av hydrogen (H2 ) frå naturgass, der handtering og lagring av biproduktet CO2, samt mellomlagring av hydrogen, inngår som ein del av verdikjeda.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar og ferdigheiter:

Kunnskap:

Studenten skal kunne:

  • Greie ut om kva rolle karbonfangs, -bruk, og ¿lagring har for utsleppsreduksjon.
  • Forklare dei ulike prinsippa for CO2 fangst
  • Presentere nye teknologiar for lågkarbon energiforsyning med CO2 fangst og lagring (CCUS)

Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

  • Forstå og forklare teknologikonsepter for CCUS
  • Bidra til gjennomføring av prosjekter retta mot karbonhandtering
  • Bidra til utvikling av berekraftige teknologiar for energiforsyning.

Generell kompetanse

  • Studenten skal betre kunne bidra i diskusjon og handling for energiomstilling og karbonhandtering.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad innan tekniske fagfelt. Ved ledige studieplassar kan unntak vurderast.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet må du søkt og fått opptak til dette vidareutdanningsemnet gjennom UiB Videre, Etter- og videreutdanning

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil vera heildigital og bolkbasert. Ein bolk består av ei samling kortare video/podcastar (7-10 minutt) innan bestemte tema. Etter kvar video/podcast skal kursdeltakarane gjennom en quiz med spørsmål omkring innhaldet. Når denne quizen er bestått kan kursdeltakaren gå vidare til neste del innan same bolk. Kvar veke blir ein ny bolk tilgjengeleg. Undervisninga er ikkje live streamet, og kursdeltakarane kan sjølv bestemma når dei vil gå gjennom innhald. Etter fullført bolk skal kursdeltakaren skrive eit refleksjonsnotat, eller løyse oppgåver omkring det faglege innhaldet i bolken. Undervisarar tilhøyrande kvar bolk vil være tilgjengeleg gjennom chat i opne digitale rom for spørsmål og diskusjon på annonserte tidspunkt. Det blir også lagt til rette for diskusjonar og samarbeid mellom kursdeltakarane.

Kurset går over 10 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er eit krav at studentane på kurset følgjer all undervisning, samt gjennomføre og får godkjent oppgåver undervegs.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer

  • fullført gjennomgang av all undervisning
  • godkjente oppgåver

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

Fagleg overlapp

Ingen

Vurderingssemester

vår

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygning og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarlig og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studiekonsulenten på instituttet.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet Ved Institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Studierettleiar kan kontaktast her: studieveileder.ppt@ift.uib.no

Tlf: 55 58 28 64

Eksamensinformasjon