Hjem
Utdanning
Masteremne

Region og regionalisering, mastergradsoppgåve

  • Studiepoeng60
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeREG350
  • Talet på semester2
  • SpråkTil vanleg norsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Masternivå

Undervisningssemester

Høst

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

I samråd med rettleiar skal studenten utforme ein problemstilling og sette seg inn i teoriar og tidligare arbeid med relevans for temaet og/eller området.

Studenten skal vidare gjennomføre eit eige arbeid av praktisk og/eller teoretisk art knytt opp mot problemstilling, og etter praktisk/teoretisk behandling skal dette etter maksimum to år (for heile masterprogrammet) munne ut i ei masteroppgåve.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten skal vise god kunnskap om tilnærmingar og teoriar knytte til tema Region og regionalisering. Dei skal òg ha innsikt i aktuelle forskingstema knytt til regional utvikling.

 

Ferdigheiter

Studenten skal kunne forstå og analysere strukturar og prosessar som påverkar regionar og regional utvikling, og ha forståing av samspelet mellom globale og lokale forhold.

Generell kompetanse

Studenten har opparbeidd evne til å problematisere og analysere omgrep, teori, metode og forskingsetikk og har fått ein kompetanse i skriftleg og munnleg fagleg diskusjon.

Krav til studierett

Emnet er tilgjengeleg for studentar som er tekne opp til masterstudiet i region og regionalisering.

Arbeids- og undervisningsformer

Rettleiing og seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk frammøte til 70 % av masterseminara i semesteret. Studenten skal ta i mot rettleiing kvart semester under arbeidet med masteroppgåva. Ein rettleiingskontrakt som gjer nærare greie for rettar og plikter, skal skrivast under av student, rettleiar og fagkoordinator.

Deltaking på 2-dagars forskingsetisk seminar arrangert av Forskingsetisk utval ved AHKR.

Vurderingsformer

Det vert først sett ein karakter på masteroppgåva. Omfanget av masteroppgåva skal ligga mellom 70 og 110 sider. Dette inkluderer ikkje framside, innhaldsliste, forord, litteratur- /referanseliste eller appendiks. Deretter er det ein munnleg eksamen der studenten gir ein munnleg presentasjon av oppgåva og så eksaminerast med utgangspunkt i masteroppgåva. Den munnlege eksamenen kan justera karakteren på masteroppgåva med éin karakter opp eller ned. Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Litteraturliste

Studentane vel sjølve ut relevante læremiddel i samråd med rettleiar

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no