Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Fagdidaktikk for religionsvitskap 1 (for vidaregåande skule) lektorutdanning

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gi kompetanse i religionsvitskapleg fagdidaktikk. Studenten skal få innsikt i religions- og livssynsfagas plass i skulen og samfunnet. Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing. Studentane skal lære å sjølvstendig planlegge, gjennomføre og kritisk vurdere undervisning i religion- og livssynsfaget i vidaregåande skule.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Studenten skal

- gjere greie for og drøfte sentrale perspektiv i religionsvitskapleg fagdidaktikk

- ha kunnskap om læreplanane i religions- og livssynsfaga, og kunne analysera dei kritisk

- forklare utfordringar med religionsfagas plass i skolen

Ferdigheiter:

Studenten skal

- planleggje og gjennomføre ei undervisningsøkt i religions- og livssynsfaget på vidaregåande trinn

- bruke fagdidaktisk teori til å vurdere og reflektere kritisk undervisning

- fagleg grunngje val av ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar tilpassa elevar på vidaregåande trinn

Generell kompetanse:

Studenten skal

- konkretisere målsetjingane i religions- og livssynsfaga med utgangspunkt i fagleg kunnskap.

- utvikle eigen fagdidaktisk kompetanse

- nytte fag- og fagdidaktisk kunnskap til å kritisk reflektere over profesjonsetiske og utdanningspolitiske spørsmål

Krav til forkunnskapar

Opptak til Integrert lektorutdanning ved Det humanistiske fakultet. Gjennomført PEDA111 og minimum 30 studiepoeng innan religionsvitenskap.

Krav til studierett

Opptak til Integrert lektorutdanning ved Det humanistiske fakultet.

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar, seminar og 12 dagar praksis med for- og etterarbeid

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- Obligatorisk frammøte på minst 80 prosent av forelesings- og seminarundervisninga.

100 prosent oppmøte i praksis inkludert for- og etterarbeid.
Frammøte på forelesingane og seminara dannar grunnlaget for fagdidaktiske drøftingar av utdanningsløp, læreplanen og religionsdidaktiske problemstillingar. Dette skal leie fram til fagleg, didaktisk, yrkesetisk og sosial kompetanse, som igjen skal føre til naudsynt kompetanse for endring og utvikling.
- 12 dagar praksis.

- For å kunne gå opp til eksamen i RELDI111 kan studentane i tillegg bli pålagt å gjere inntil 2 obligatoriske arbeidskrav innan fastsette tidsfristar. Omfang og konkretisering av obligatoriske aktivitetar vil gå fram av semester- og eksamensplanar.

Vurderingsformer

Rettleidd semesteroppgåve (2000 ord)

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Litteraturliste

Pensum er på opptil 500 sider.

Emneevaluering

Undervisinga vert evaluert i tråd med instituttet sine retningsliner og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Oppgåve

    Innleveringsfrist
    02.12.2019, 13:00
    Trekkfrist
    18.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen