Hjem
Utdanning
Masteremne

Fagdidaktikk i religionsvitskap 2 (for grunnskulen) lektorutdanning

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal vidareutvikle studentane si erfaringsbaserte kompetanse i religionsvitskapleg fagdidaktikk. Studentane skal få innsikt i religions- og livssynsfagas plass i skulen og samfunnet. Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing.
Studentane skal lære å sjølvstendig planlegge, gjennomføre og kritisk vurdere undervisning i religion- og livssynsfaget på ungdomstrinnet.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Studenten skal

- gjere greie for og drøfte sentrale perspektiv i religionsvitskapleg fagdidaktikk

- ha kunnskap om læreplanane i religions- og livssynsfaga, og kunne analysera dei kritisk

- gjere greie for historia til religions- og livssynsfaga i Noreg, og diskutere faga i ein større internasjonal samanheng

Ferdigheiter:

Studenten skal

- kunne planleggje og gjennomføre undervisningsopplegg i religions- og livssynsfaget på ungdomstrinnet

- bruke fagdidaktisk teori til å vurdere og reflektere kritisk rundt eigen og andre si undervisning

- kunne bruke og fagleg grunngje val av læringsaktivitetar og arbeidsmåtar tilpassa elevar på ungdomstrinnet

Generell kompetanse:

Studenten skal

- konkretisere målsetjingane i religions- og livssynsfaget på ungdomstrinnet med utgangspunkt i fagleg kunnskap

- med stor grad av sjølvstende utvikle eigen fagdidaktisk kompetanse og slik kunne bidra til å fornye kompetansen i religions- og livssynsfaga i skulen

- nytte fagkunnskap til å bygge relasjonar til elevar og føresette, og samarbeide med aktørar som er relevante for skoleverket.

Krav til forkunnskapar

Opptak til integrert lektorutdanning ved Det humanistiske fakultet.

Gjennomført PEDA111, RELDI111 og minimum 50 sp innan religionsvitskap.

Krav til studierett

Opptak til Integrert lektorutdanning ved Det humanistiske fakultet.

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar og seminar i teoriperioden, skolepraksis.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Frammøte på forelesingane og seminara dannar grunnlaget for fagdidaktiske drøftingar av utdanningsløp, læreplanen og religionsdidaktiske problemstillingar. Dette skal leie fram til fagleg, didaktisk, yrkesetisk og sosial kompetanse, som igjen skal føre til naudsynt kompetanse for endring og utvikling. Difor er det obligatorisk frammøte på minst 80 prosent av forelesings- og seminarundervisninga.

For å kunne gå opp til eksamen i RELDI112 kan studentane bli pålagt å gjere inntil 2 obligatoriske arbeidskrav innan fastsette tidsfristar. Konkretisering av obligatoriske aktivitetar vil gå fram av semester- og eksamensplanar.

Vurderingsformer

Munnleg eksamen på 30 minutt med to døgns førebuingstid.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Litteraturliste

Pensum er på opptil 500 sider.

Emneevaluering

Undervisinga vert evaluert i tråd med instituttet sine retningsliner og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Munnleg eksamen

    Eksamensperiode
    10.12.2019–12.12.2019
    Trekkfrist
    25.11.2019
    Andre opplysninger
    Oppgaveutlevering 10. desember. Muntlig eksamen 12. desember.