Hjem
Studentsider
Masteremne

Fordjuping i religionsvitskapleg fagdidaktikk

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

-

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gi studentane ei vidareføring i fagfeltet fagdidaktikk innanfor tre hovudområde:

  • demokrati og demokratilæring
  • minoritet- majoritetsperspektiv
  • undervising i kontroversielle tema

Læringsutbyte

Studentane skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten har kunnskap om:

  • kva rolle religion og livssyn har i demokratiske prosessar
  • korleis religiøse minoriteter og majoritetar vert framstilt i ulike samanheng og dei konsekvensar dette har for identitet- og gruppekonstruksjonar
  • kva som kan opplevast som kontroversielle spørsmål i ulike settingar i tid og rom

Ferdigheitar:

Studenten

  • kan analysere og kritisk drøfte og vurdere læreplaner, lærebøker og andre læremiddel for religions- og livssynsfaga i norsk skule
  • kan planleggja, gjennomføre og evaluera eigen undervising og vurdera elevanes sitt læringsutbytte
  • kan undersøke læring i eige klasserom ved hjelp av fagkunnskap og fagdidaktisk teori og reflektere over dette skriftleg og munnleg

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan nytte fagleg og fagdidaktisk kunnskap for å utvikle  eigen og andre si undervisningspraksis
  • kan på fagdidaktisk grunnlag leggje til rette for at religion- og livssynsfaga blir ein arena for elevane si demokratiske danning
  • kan reflektere over eiga mangfoldkompetanse og si eiga rolle i skule og klasserom

Krav til forkunnskapar

100-nivå og 200-nivå i religionsvitskap; 100-nivå i fag II, samt greidd praksis KOPRA103.

Tilrådde forkunnskapar

Normal studieprogresjon på lektorprogrammet.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med opptak til Lektorutdanninga med master i historie eller religionsvitskap (med religionsvitskap som fag I). 

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar og seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk frammøte på minst 80% av førelesings- og seminarundervisninga

Eit refleksonsnotat knytt til erfaringar frå praksis.

Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og dei to påfølgjande semestra.

---

Gjelder vårsemesteret 2021:

På grunn av koronasituasjonen vil det ikkje vere obligatorisk oppmøte våren 2021. Det er likevel sterk oppmoding om å delta på så mykje undervisning som mogleg.

Vurderingsformer

Rettleid semesteroppgåve med eit omfang på om lag 2500 ord. Oppgåva kan ikkje vere meir enn 3000 ord, 

Studentar som kan dokumentere sjukdom på eksamenstidspunktet, kan ta eksamen i påfølgjande semester.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår

Studentar som kan dokumentere sjukdom på eksamenstidspunktet, kan ta eksamen i påfølgjande semester.

Litteraturliste

Liste over undervisningslitteraturen vært utarbeid av instituttet og omfattar om lag 800 sider. Litteraturlista vert tilgjengeleg 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem

Programansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Emneansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Kontakt

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Rettleidd semesteroppgåve

    Innleveringsfrist
    08.06.2021, 13:00
    Trekkfrist
    25.05.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen