Fordjuping i religionsvitskapleg fagdidaktikk

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal gi studentane ei vidareføring i fagfeltet fagdidaktikk innanfor tre hovudområde:

  • demokrati og demokratilæring
  • minoritets- majoritetsperspektiv
  • undervising i kontroversielle tema

Læringsutbyte

Studentane skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten har kunnskap om:

  • kva rolle religion og livssyn har i demokratiske prosessar
  • korleis religiøse minoriteter og majoritetar vert framstilt i ulike samanheng og dei konsekvensar dette har for identitet- og gruppekonstruksjonar
  • kva som kan opplevast som kontroversielle spørsmål i ulike settingar i tid og rom

Ferdigheitar:

Studenten

  • kan analysere og kritisk drøfte og vurdere læreplaner, lærebøker og andre læremiddel for religions- og livssynsfaga i norsk skule
  • kan planleggja, gjennomføre og evaluera eigen undervising og vurdera elevanes sitt læringsutbytte
  • kan undersøke læring i eige klasserom ved hjelp av fagkunnskap og fagdidaktisk teori og reflektere over dette skriftleg og munnleg

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan nytte fagleg og fagdidaktisk kunnskap for å utvikle eigen og andre si undervisningspraksis
  • kan på fagdidaktisk grunnlag leggje til rette for at religion- og livssynsfaga blir ein arena for elevane si demokratiske danning
  • kan reflektere over eiga mangfoldkompetanse og si eiga rolle i skule og klasserom

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
100-nivå og 200-nivå i religionsvitskap; 100-nivå i fag II, samt greidd praksis KOPRA103.
Tilrådde forkunnskapar
Normal studieprogresjon på lektorprogrammet.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med opptak til Lektorutdanninga med master i historie eller religionsvitskap (med religionsvitskap som fag I).
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar og seminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk frammøte på minst 80% av førelesings- og seminarundervisninga

Eit refleksonsnotat knytt til erfaringar frå praksis.

Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og dei to påfølgjande semestra.

Vurderingsformer

Rettleid semesteroppgåve med eit omfang på om lag 3000 ord.

Studentar som kan dokumentere sjukdom på eksamenstidspunktet, kan ta eksamen i påfølgjande semester.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester

Vår

Studentar som kan dokumentere sjukdom på eksamenstidspunktet, kan ta eksamen i påfølgjande semester (haust).

Litteraturliste
Liste over undervisningslitteraturen vært utarbeid av instituttet og omfattar om lag 800 sider. Litteraturlista vert tilgjengeleg 1. desember for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.
Emneansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap