Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Kva er religionsvitskap?

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål og innhald:

Emnet har som mål å gi ei innføring i kva religionsvitskap er og i sentrale problemstillingar, omgrep, tema, teoriar, tilnærmingar og tradisjonar innanfor faget.

RELV101 er eit obligatorisk emne i spesialiseringa i religionsvitskap, og i årsstudium i religionsvitskap.

Trykk her for informasjon om tema som er gjeldande dette semesteret.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

¿ har kunnskap om sentrale problemstillingar, omgrep, tema og teoriar innan religionsvitskapen, og har i tillegg innsikt i faget sine ulike tradisjonar og tilnærmingar.

Ferdigheiter:

Studenten

¿ har evne til kritisk samanlikning av ulike tilnærmingsmåtar til fenomenet religion.

¿ har evne til reflektert bruk av sentrale omgrep innan religionsvitskapen.

¿ har evne til å setje seg inn i eit omfattande og kompleks tekstmateriale på både norsk og engelsk.

Generell kompetanse:

Studenten

¿ har generell innsikt i religionsvitskapeleg vokabular og faghistorie.

¿ har erfaring med å planleggje og gjennomføre eit skriftleg arbeid av eit bestemt omfang over tid.

¿ har erfaring med å fortolke og presentere faglege problemstillingar skriftleg og munnleg i gruppesamanheng.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ein del av pensumlitteraturen er på engelsk. Studenten bør difor ha gode engelskkunnskapar.

Studiepoengsreduksjon

5 studiepoeng overlapp for RELV101 tatt mellom 2007 og 2015 og RELV100 tatt haust 2015.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisning skjer i form av førelesingar og obligatoriske arbeidsseminar, normalt 10-15 forelesingar (à to timar) og 10 seminar (à to timar).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Emnet har følgjande obligatoriske undervisningsaktivitetar:

(a) ei oppgåve (mellom 850 og 1200 ord) som skal leverast elektronisk i midten av semesteret.

(b) deltaking ved gruppeundervisning der det blir kravd minst 50% oppmøte. Studentane må førebu seg og setje seg inn i tekstane som blir tekne opp i gruppeundervisninga.

(c) Alle studentar skal halde ein presentasjon ein gong i samsvar med opplegget på obligatorisk gruppeundervisning.

Obligatoriske undervisningsaktivitetar vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent.

Godkjenninga av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

¿ 7-dagars heimeeksamen med eit omfang på 3000-3500 ord

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår.

Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.

Litteraturliste

Pensum er på mellom 1000 og 1200 sider. Undervisning og eksamen baserer seg på denne litteraturen.

Litteraturlista vil vere tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for religionsvitskap

Emneansvarleg

Programstyret for religionsvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR)

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@ahkr.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@ahkr.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    28.09.2018, 09:00
    Innleveringsfrist
    05.10.2018, 13:00
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen