Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Hinduismen og buddhismen - Lektorutdanninga

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål og innhald:

Emnet har som mål at studenten gjennom studiet skal tileigna seg eit oversyn over historia til og gode kunnskapar om hinduisme og buddhisme.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • har kunnskap om opphav, utvikling og variasjon innanfor hinduismen og buddhismen, innsikt i sentrale idear, omgrep og ritar innanfor desse religionane, samt om deira gjensidige påverknader og brytningar og deira samspel med kulturen elles.
  • har kunnskap om sentrale tema og problemstillingar innanfor studiet av desse religionane, samt om grunnleggjande forskingsperspektiv og -omgrep.

Ferdigheiter:

Studenten

  • har evne til å setje seg inn i eit variert tekstmateriale på både norsk og engelsk, kunne behandle og vurdere informasjon kritisk, analysere fagstoff og dra eigne slutningar, samt evne til å kunne skrive ein resonnerande tekst.

Generell kompetanse:

Studenten

  • har røynsle med å kunne planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver som strekkjer seg over tid, samt med å tolke og presentere informasjon.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ein del av pensumlitteraturen er på engelsk. I tillegg til generell studiekompetanse bør studenten derfor ha gode engelskkunnskapar.

Studiepoengsreduksjon

Fullt fagleg overlapp med RELV103

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisning skjer normalt i form av 7-10 forelesingar à to timar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Ei skriftleg oppgåve (mellom 800-1200 ord) skal leverast elektronisk i løpet av semesteret til oppgitt frist på Mitt UiB.

Obligatoriske undervisningsaktivitetar vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent.

Godkjenninga av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Skriftleg skuleeksamen på 3 timar.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust.

Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.

Litteraturliste

Pensum vert utarbeidd av instituttet og omfattar om lag 400 sider. Undervisning og eksamen baserer seg på denne litteraturen.

Litteraturlista vil vere tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for religionsvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@ahkr.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@ahkr.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    11.11.2019, 09:00
    Varigheit
    3 timer
    Trekkfrist
    28.10.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen