Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Spesialiseringsemne med semesteroppgåve

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeRELV202SEM
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk eller engelsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår og haust, men ikkje fast

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål at studenten skal få fordjupa kunnskapar på eit spesielt område av historisk eller systematisk karakter.

Innhald:

Forutsett at emnet vert tilbudd det inneverande semesteret, kan studenten velja eit av eventuelt fleire moglege temaalternativ, som representerer ei spesialisering på enkelte religionar eller religiøse fenomen, eller på tema av systematisk eller teoretisk karakter.

Trykk her for informasjon om tema som er gjeldande dette semesteret.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • har djupnekunnskap innafor temaet.
  • har kunnskap om temaets historie, tradisjonar og eigenart.
  • har kunnskap om sentrale tema og problemstillingar innafor temaet.

Ferdigheiter:

Studenten

  • har evne til å analysere fagstoff og trekke eigne slutningar.
  • har evne til å granske kritisk eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar innafor temaet.
  • har evne til å finne relevant fagleg informasjon.
  • har evne til å skrive ein resonnerande tekst om temaet.
  • har evne til å kommunisere om faglege tema innafor eit fagfellesskap.

Generell kompetanse:

Studenten

  • har generell innsikt i temaet.
  • har erfaring med å utvikle faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innafor temaet.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Avlagt eksamen i RELV101 og minst eit av dei andre emna på 100-nivå er sterkt å tilrå. Eventuelle andre tilrådde forkunnskapar er gjort greie for under omtalen av dei enkelte emnealternativa.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for RELV202SEM redusert med 15 studiepoeng om det vert kombinert med RELV302SEM, same tema.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen

Arbeids- og undervisningsformer

Utanom forelesingar og seminarundervisning vil undervisninga i tema kunne skje i form av rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Eksamen består av to komponentar: ei rettleid semesteroppgåve (5000-6000 ord) og ein justerande munnleg eksamen.

Studenter som kan dokumentere sykdom på eksamenstidspunktet, kan ta eksamen i påfølgjande undervisningsfrie semester.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Det blir gitt vurdering i semester med undervisning.

Studentar som kan dokumentere sjukdom på eksamenstidspunktet, kan ta eksamen i påfølgjande undervisningsfrie semester.

Litteraturliste

Pensum vert utarbeidd av instituttet og omfattar om lag 1000-1500 sider. Undervisning og eksamen baserer seg på denne litteraturen.

Litteraturlista vil vere tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for religionsvitskap

Emneansvarleg

Programstyret for religionsvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@ahkr.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@ahkr.uib.no