Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Nyreligiøsitet

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål at studenten gjennom studiet skal tileigna seg utdjupa kunnskapar om nyreligiøsitet i den vestlege verda.

Innhald:

Både nyreligiøsiteten si historiske utvikling så vel som samtidige religiøse prosessar står i sentrum. Emnet omfattar nye religionar, New Age og uorganisert nyreligiøsitet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • har fordjupa kunnskapar om den historiske utviklinga til vestleg nyreligiøsitet
  • kan gjere greie for viktige teoretiske tilnærmingar og modellar i studiet av vestleg nyreligiøsitet
  • har kjennskap til sentrale omgrep, retningar og skikkelsar i vestleg nyreligiøsitet

Ferdigheiter:

Studenten

  • har evne til å analysera fagstoff og trekkje eigne slutningar
  • har erfaring med å formidla informasjon, teoriar, idear, problemstillingar og løysingar om emnet både skriftleg og munnleg
  • har evne til å skriva ein resonnerande tekst

Generell kompetanse:

Studenten

  • har evne til å skaffa seg informasjon på eiga hand, til å vurdera han kritisk og vitskapleg og til å bringa han vidare til andre på forståeleg vis

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Grunnleggjande kunnskapar i religionsvitskap tilsvarande RELV101. Mykje av pensumlitteraturen er på engelsk. Studenten bør derfor ha gode engelskkunnskapar.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for RELV221 redusert med 15 studiepoeng om det vert kombinert med RELV321.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen

Arbeids- og undervisningsformer

Normalt 10 forelesingar à to timar pr. veke, totalt 20 timar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Emnet har følgjande obligatoriske undervisningsaktivitetar:

  • Skriftleg oppgåve på om lag 1000 ord.

Oppgåva skal leverast til fastsett tid. Studentane får to veker til å skrive oppgåva. Informasjon om tidspunkt for utlevering og innlevering av oppgåva, blir gitt på Mitt UiB.

Obligatoriske undervisningsaktivitetar vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent.

Godkjenninga av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Skriftleg skoleeksamen på 6 timar

NB. Våren 2020 er 6 timars skoleeksamen erstatta av skriftleg eksamen heimefrå som tiltak for å hindre spreiing av koronavirus. Studentane får 2 timar (1/3 av ordinær tid) tilleggstid, slik at dei har 8 timar på å utforma svaret.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Denne karakterskalaen gjeld også våren 2020.

Vurderingssemester

Vår.

Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.

Litteraturliste

Pensum er på omkring 1200-1500 sider. Det meste av litteraturen er på engelsk.

Litteraturlista vil vere tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for religionsvitskap

Emneansvarleg

Programstyret for religionsvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR)

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@ahkr.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@ahkr.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Skriftlig eksamen vil ikke foregå på campus våren 2020. Se emnet på MittUiB for mer informasjon.

  • Vurderingsordning: Skriftleg eksamen heime

    Dato
    29.05.2020, 09:00
    Varigheit
    8 timer
    Trekkfrist
    15.05.2020
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen